Hjem
Institutt for biovitenskap (BIO)

Liv Beate Gansmo, stipendiat ved Institutt for Indremedisin

Liv Beate Gansmo har bachelor og master i molekylærbiologi, og jobbar som stipendiat ved UiB.

Hovedinnhold

Liv Beate Gansmo drømte om mange ulike jobbar og yrke når ho var lita. Felles for dei alle var at dei inkluderte forsking. Likevel gjekk ikkje vegen direkte til forsking, men om skoleverket.

Etter ei stund som lærar gjekk det opp for Liv Beate Gansmo at det var ikkje dette ho ville jobbe med resten av livet, så hun søkte opptak til bachelor i molekylærbiologi og flytta til Bergen. Etter fullført bachelor tok hun ei mastergrad i molekylærbiologi, og gjennomførte masteroppgåva i gruppa til professor Rein Aasland ved Molekylærbiologisk institutt. Her studerte ho epigenetikk, noko ho syns er svært spennande.

Etter fullført mastergrad fekk Liv Beate Gansmo jobb som avdelingsingeniør ved Institutt for Indremedisin. Første dag på jobben blei brukt til å søkje om stipend slik at ho kunne få jobbe som stipendiat i forskingsgruppa. Tida gjekk og ein dag ba gruppeleiaren om å få prate med Liv Beate. ”Du kan ikkje jobbe som avdelingsingeniør lenger” sa han alvorleg. Hadde ho gjort noko feil? ”Du skal bli stipendiat i gruppa” sa så gruppeleiaren med eit smil. Frå den dagen har Liv Beate jobba ”i verdas beste jobb”. Som stipendiat får hun jobbe med det hun likar aller best, nemlig forsking. Det betyr ikkje at det kun er rosenraude dagar: nokon dagar går ikkje forsøka som dei skal og fleire dagar med arbeid er bortkasta. Da er det kun ein ting å gjere, nemleg byrje forsøket på nytt. Neste gong kan forsøket gå bra og gi resultat, og den kjensla er herlig!