Hjem
Institutt for biovitenskap (BIO)

Intervet-Schering Plough Animal Health, Petter Frost

Første gjest på Heliks karrieredag var Petter Frost, forskingssjef ved Intervet Norbio. Petter Frost har hovudfag i bioteknologi og doktorgrad i molekylærbiologi, begge innan molekylær virologi.

Hovedinnhold

Intervet-Schering Plough Animal Health er blant dei leiande verksemdene i Noreg innan veterinærlegemidlar. Intervet har hovudkontor i Boxmeer, Nederland. Kvart år blir det sata om lag ti prosent av omsettinga til Intervet på forsking og utvikling av nye produkt innan veterinærmedisin. Intervet Norbio er eit underselskap av Intervet-Schering Plough Animal Health som held til på Høgteknologisenteret i Bergen. Selskapet jobbar med fisk i kaldvatn og utviklar hovudsakleg legemiddel retta mot oppdrett. Dette er produkt som er særleg brukt i ”oppdrettsland” som Noreg og Chile. Dei fleste legemidlane retta mot fisk i kaldvatn er utvikla av Intervet Norbio her i Bergen.

Intervet Norbio har i dag om lag 20 tilsette i forskingsavdelinga og ein tredjedel av desse har utdanning innan molekylærbiologi. Som ei kommersiell verksemd med søkjelys på profitt blir det hovudsakleg brukt godt etablerte metodar i produksjonen, men også meir teknologiske metodar som for eksempel revers genetikk.  ”Målet for forskinga er biologisk retta, vi prøvar å unngå metodar med dei verste barnesjukdommane”.

Molekylærbiologi er involvert i nesten alle prosjekt som Intevet Norbio har per dags dato, og kan vere innan utvikling, produksjon eller sluttkontroll av vaksinane. All oppdrettslaks i dag er immuniserte med vaksiner, blant anna frå Intervet. Andre verksemder målar infeksjonsnivå i oppdrettsfisk ved hjelp av PCR. Testane gir informasjon om den generelle helsetilstanden til fisken og om eventuelle tiltak må bli sett i gang.

Er det karrieremoglegheiter hos Intervet Norbio? ”Ja”, sier Petter Frost, ”Intervet trenger molekylærbiologar.” Intervet Norbio ønskjer folk med søkjelyset på faktisk bruk av forskinga.  Produktutviklarar hos Intervet Norbio har doktorgrad, medan seksjonsleiarane har doktorgrad eller mastergrad. Intervet Norbio har også ein teknisk stab som har bakgrunn frå høgskule eller universitetet.