Hjem
Institutt for biovitenskap (BIO)

Jon Thomassen Hestetun - overingeniør SAM-Marin

Bortsett frå det reint faglege har ein i studiet eller masteroppgåva òg høve til å bruke tid på å setje seg inn i dei arbeidsreiskapane og metodane ein kan ha bruk for som biolog.

Namn: Jon Thomassen Hestetun

Noverande jobb: Overingeniør

Utdanning: Bachelorgrad i biologi og mastergrad i marinbiologi, studieretning marin biodiversitet. Eitt år naturforvalting på UMB (Ås).

 

Kva gjer du no?
No jobbar eg i SAM-Marin, som er ein del av forskingsselskapet Uni Research her i Bergen. Vi driv med marine miljøundersøkelser overfor offentleg og privat verksemd. Som ein del av arbeidet mitt utfører eg feltarbeid (mykje grabbing på bløtbunn), artsidentifikasjon, analyse av biologiske, geologiske og kjemiske data, og skriv rapportar. 1. april begynner eg i ein PhD-stilling ved BIO.

Kva er du mest nøgd med i din noverande jobb?
Jobben er veldig fagleg relevant for utdanninga mi. Variasjonen i arbeidsoppgåver er svært positivt. Det er òg fint å ha ein prosjektbasert jobb fordi det gjev noko fleksibel arbeidstid.   

Kva relevans har det du har lært ved BIO og UiB for deg i den jobben du no har?
Utdanninga frå BIO er svært relevant for jobben eg har no. Han har gjeve meg generell biologisk fagkompetanse og i tillegg har studieretningen frå mastergraden gjeve meg metodisk og taksonomisk kunnskap som eg brukar i jobben på SAM-Marin. 

Har du tips/råd til dei som studerer no utfrå dine erfaringar?
Eg syntest sjølv det var interessant å kunne bruke både tradisjonelle og molekylære metodar i mitt masterarbeid. Bortsett frå det reint faglege har ein i studiet eller masteroppgåva òg høve til å bruke tid på å setje seg inn i dei arbeidsreiskapane og metodane ein kan ha bruk for som biolog. Databehandling (Excel, Access), bildebehandling (Photoshop), presentasjon av data og kartverktøy (GIS) kan vere relevant i tillegg til lab- og feltmetodar.

Kva minner har du frå studietida på BIO? 
Eg hadde det veldig gøy på studiet. I byrjinga er ein ein av mange studentar som tek fag både på BIO og andre institutt. Etterkvart i studiet, etter mange forelesingar, labkurs og feltkurs, blir ein godt kjent med medstudentar og tilsette ved instituttet. Spesielt masterstudiet var veldig gjevande. Det meste av undervising og andre delar av studiet var med ein liten, fast gruppe studentar og tilsette, så ein blir ein del av ein liten gjeng som følast som ein del av BIO på ein heilt annan måte enn i byrjinga av bachelorstudiet. 

Kva skreiv du masteroppgåve om?
Mi masteroppgåve hadde tittelen: Cladorhizid sponges from hydrothermal vents and cold seeps in the NE Atlantic Ocean.
Eg gjorde ein morfologisk og genetisk slektsskapsanalyse på ein familie med djuphavssvamp som er spesiell i det at arter i familien kan fange og fordøye små krepsdyr. I tillegg gjorde eg ein analyse av symbiotiske metanotrofe bakteriar i svampane.