Yrkespraksis i biologi
Gjer utdanninga og framtida di meir relevant og konkret gjennom eit praksisopphald ved ein potensiell framtidig arbeidsplass! Du vil bruke din biologiske kunnskap på relevante praktiske oppgåver og få arbeidserfaring som biolog.

Hovedinnhold
I emnet BIO298 Yrkespraksis i biologi (10 SP) vil du bruke biologisk kunnskap på relevante praktiske oppgåver og få arbeidserfaring som biolog. Slik praksis kan vere eit fortrinn når du seinare er på jobbjakt.
Målet med praksisopphaldet er å få oppleve kor viktig den faglege kompetansen i biologi er for aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgjevarar. Gjennom observasjon, samarbeid, rettleiing og praktiske øvingar vil studentane få vite meir om si eiga framtidige yrkesrolle og - relevans. Studentane deltek i arbeidsoppgåvene i bedriftene dei er utplasserte i, og får oppgåver som er relevante i forhold til deira faglege kompetanse og bedriftenes behov.
Praksisplassar våren 2022:
Les om prosjekta hos praksisvertane heilt nedst på sida ("Praksisplassar v22").
- Statsforvaltaren i Vestland, avd. Miljø og klima
- Ocean TuniCell AS
- STIM AS
- Norsk institutt for naturforskning (NINA)
- Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)
- Seksjon for natur- og miljøforvaltning v/Bymiljøetaten i Bergen kommune
- Avdeling for samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune
- Vitensenteret VilVite
- Norsk institutt for vannforskning (NIVA)
- Havforskningsinstituttet (HI)
- Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologi (UiB)
- Naturvernforbundet Hordaland
- Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske (LFI) v/NORCE
Vi har tidlegare også hatt praksisplassar hos:
Få inspirasjon og les om BIO298-studentanes erfaring med praksis på bloggen Biologipraksis.
Ønskjer du å søke plass?
Fristen for å søke plass er 14. januar 2022.
1. Finn ut kor du kunne tenke deg å ha praksis ved å lese beskrivinga av alle prosjekta hos praksisvertene (scroll ned til 'Vedlegg'). Tips! Du kan lese om erfaringane til tidligare studentar på praksisbloggen Biologipraksis.
2. Fyll ut søknadsskjemaet for praksis innan fristen.
3. Dersom du får plass, blir du kontakta av emneansvarleg og du blir manuelt meldt til emnet i Studentweb.
4. Delta på oppstartsmøtet ved semesterstart. Sjekk timeplanen på emnesida eller Mitt UiB for dato og stad.