Home
Department of Geography

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ekskursjon

Ekskursjon til Tjeldstø i Øygarden

19. og 26. september har to ulike grupper med studenter frå GEO113 vore på ekskursjon til Tjeldstø i Øygarden. Eksursjonen er ein del av undervisninga i biogeografi.

Studentar på GEO113
Gruppe 1.
Photo:
Anders Lundberg

Main content

Første gruppe var på ekskursjon 16. september. Målet var å studere naturtypane kystlynghei, myr og  planteskog. Ei målsetting med kurset var å få ei betre forståing av naturen sine ulike økosystemtjenester, som flomdemping, karbonlagring og lokal matproduksjon. Det var også eit mål å få ei betre forståing av endringar i naturen og kva som er dei viktigste drivkreftene bak desse. Her ser vi studentane studere suksesjonsprosessen i ei våtmark.

Mandag 26. september var andre halvdel av GEO113-kullet på tur til Øygarden for å studere biogeografi, tilhøvet mellom menneske og natur, kulturlandskap og naturforvaltning. Her ser me studentane undersøke effektane av brenning og beite i kystlynghei, eit 3000 år gamalt landskap. Bruken av lynghei som heilårsbeite og produksjon av lokal mat er eit døme på berekraftig utvikling gjennom tusener av år. I dag er dette kulturlandskapet mange stader trua av gjengroing, men på Tjeldstø i Øygarden finn me eit av dei best bevarte kystlyngheiene i landet, tatt vare på gjennom aktiv bruk.