Home

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Strandryddedagen 2021
I januar 2022 markerte UiB sitt plastnettverk, og alliansen «Arven etter Plasthvalen», at det er fem år sidan forskarar ved UiB fann meir enn 40 plastposar i magen til ein stranda kval utanfor Sotra. Inspirert av Plastkvalen har engasjerte UiB-studentar og samarbeidspartnarar rydda om lag 8 tonn plast og marint avfall under den nasjonale strandryddeveka dei to siste åra.

Universitetet i Bergen og samfunnet

Her oppsummerer vi noko av det Universitetet i Bergen har bidrege med til samfunnet i året som er gått.

Main content

Her finn du eit utval saker frå «Universitetet i Bergen og samfunnet 2021/2022». Les heile heftet digitalt.

UiB er eit internasjonalt universitet. Det viser seg i høg grad blant dei tilsette som kjem frå 93 ulike nasjonar. Tyskland, Sverige, Storbritannia og Frankrike er dei landa som er høgst representert blant dei tilsette ved UiB etter Noreg.

UiB fekk 98,14 millionar Euro til 170 ulike prosjekt gjennom EU sitt førre rammeprogram Horisont 2020. Det gjer at UiB fekk nest mest i Noreg per vitskapleg tilsett.

UiB si forsking får gjennomslag og vert brukt av andre forskarar. Det viser evalueringane frå dei viktigaste rangeringane. Times Higher Education World University Rankings har gjennom fleire år rangert UiB som det mest siterte universitetet i Noreg, i 2020 med ein skår på 92 av 100.

Skjermbilde av graf som viser UiBs plassering på rangering
Foto/ill.:
UiB

Det vart avlagt 245 doktorgrader ved UiB i 2021

Studentane våre

Hausten 2021 var talet på UiB-studentar 19 641.

62 prosent av studentane kjem frå eitt av vestlandsfylka. Det gjer Vestlandet til den viktigaste geografiske rekrutteringsarenaen for Universitetet i Bergen.

83 prosent av studentane har jobb ved sidan av studia. Det tilsvarar ei arbeidskraft på 2 200 årsverk.

44 prosent av studentane har eit verv i ein organisasjon ved sidan av studia.

33 prosent er engasjert i frivillig arbeid ved sidan av studia.

Etter initiativ frå studentane lanserte Universitetet i Bergen portalen værgodmotdegselv.no. Den skal hjelpe studentar å få ein betre kvardag etter koronautbrotet. Portalen inneheld forskingsbaserte råd og tips, basert på kunnskap frå fagmiljø over heile universitetet.

UiB er eit universitet med stor fagleg breidde og tyngde, som står for kompetanseutvikling regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Universitetet er ei sterk drivkraft for nyskaping, mellom anna gjennom sitt arbeid med kunnskapsklynger. Dei har oppnådd konkrete resultat som bidrar stort til berekraftig utvikling, og det står det enorm respekt av.

Ola Borten Moe, forskings- og høgare utdanningsminister

 
Studenter på det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Foto/ill.:
Eivind Senneset
 

Forsking og innovasjon

ERC-mottakar nummer 10 000

Under ei markering i mai vart det klart at mottakar nummer 10 000 av ERC-stipend var matematikaren Inga Berre ved UiB. Med sitt Consolidator Grant skal ho forske på kva som skjer i undergrunnen når ein utvinn varme frå jordas indre. Kunnskapen kan mellom anna bli brukt til å utnytte ressursar på ein betre og meir effektiv måte i framtidig energiproduksjon.ERC har gitt 140 stipend til forskarar ved norske institusjonar.

33 av desse har gått til forskarar ved Universitetet i Bergen.

Inga Berre ERC-mottaker nummer 10 000
Foto/ill.:
Ole Marius Kvamme, UiB
Inga Berre vart ERC-mottakar nummer 10 000.  

Livslang læring

I eit berekraftig samfunn er det eit mål at flest mogleg skal vere i jobb.

Etter- og vidareutdanninga på Universitetet i Bergen tilbyr 127 ulike emne.

Etterspurnaden har vore stor, og UiB er ein føretrekt og relevant tilbydar av denne type studium.

3422 studentar oppmeldt i ulike etter- og vidaregåande utdanningstilbud i 2021. Dette er ei auke på heile 83 % frå 2020.

Berekraft

Universitetet i Bergen sitt viktigaste bidrag til ei berekraftig framtid ligg i den store breidda av forsking som skjer her. Det gjeld ei rekkje forskingsprosjekt som hav, klima, energiomstilling og deil globale samfunnsutfordringane, som er UiBs tverrfakultære satsingsområde. Også andre fagområde betyr mykje for berekraftområdet. 

Bilde av hånd og sjøstjerne
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Institusjonar for høgare utdanning og forsking er sentrale leverandørar av kunnskap for å nå berekraftsmåla. Både produksjon av kunnskap og tilgang på høgare utdanning er skeivt fordelt i verda. UiB har tatt på seg eit viktig oppdrag med å styrke og bygge gode miljø for kunnskap i sør gjennom deltakinga i NORHED-programmet. I Norad seier vi at fakta har makta. Vi treng kunnskap for å vite korleis vi best kan sikre berekraftig utvikling. Universiteta bidreg til kritisk tenking og debatt rundt sosiale, politiske, økonomiske og kulturelle forhold knytt til dei globale utfordringane verda står overfor, og til løysingar og innovasjon.

Bård Vegar Solhjell, Direktør i Norad

UiB sitt klimafond finansierer tiltak som skal engasjere tilsette og studentar i arbeidet med å redusere universitetet sitt klimaavtrykk. I 2021 finansierte fondet over 30 klimatiltak frå studentar og tilsette, mellom anna tiltak for redusert forbruk,klimaarrangement for studentar, samt prosjekt innan nyskaping og innovasjon.

UiB vart landets første «sykkelvenlege universitet», etter å ha blitt sertifisert av Syklistenes Landsforening. Universitetet har gjort ei rekke tiltak, som oppgradering av garderobar, sykkelhus med trygg lading for el-syklar, servicestasjon, lyssetting, tryggleikskamera og alarmar. Arbeidet held fram i åra framover, med mål om at tilsette og studentar vel å reise miljøvenleg til jobb og studiar.

Statsraad Lehmkuhl har fungert som eit utdanningsfartøy i over hundre år, men har dei siste åra også blitt utrusta til eit «state of the art» forskingsfartøy. Dette er del av skipet sitt viktigaste oppdrag nokosinne med One Ocean Expedition. Universitetet i Bergen har vore heilt avgjerande for planlegginga av ekspedisjonen. UiB har eit særskild ansvar for FN sitt berekraftsmål nr. 14 og er truleg også det universitetet i Norden med mest kunnskap om Stillehavsøyane. Me ser fram til vidare godt samarbeid i åra som kjem og at me saman vil stake ut kursen for framtidige ekspedisjonar med UiB om bord.

Haakon Vatle, direktør Statsraad Lehmkuhl 

Klima

UiB starta i 2020 opp sine første solcelleanlegg. Universitetet i Bergen skal i 2025 ha 11 000 solceller på taka sine. 60% av UiB sine tak i Bergen vil då vere dekka av solceller, som totalt skal kunne produsere to til tre gigawattimar straum i året. Dette er eitt av fleire tiltak som skal bidra til å gjere universitetet klimanøytralt innan 2030. 

Solcellepanel på Odontologibygget
Foto/ill.:
Ole M. Kvamme, UiB

ENØK-ingeniør Steinar Sundberg ved det første solcelleanlegget på campus; på taket av Odontologibygget på Årstadvollen.

Universitetet i Bergen er stolt samarbeidspartnar til jordomseglinga One Ocean Expedition. Turen rundt jorda starta i august 2021, og skal vare fram til april 2023. Ekspedisjonen sitt hovudmål er å skape merksemd og å dele kunnskap om havet si viktige rolle for ei berekraftig framtid i eit globalt perspektiv. Både forskarar, undervisarar og studentar frå UiB er involverte i jordomseglinga. 

Campus i hjarte av Bergen

Universitetet i Bergen sine områder skil seg frå andre universitet ved at store delar av bygningsmassen er ein integrert del av bysentrum. Fleire av bygga er opphavleg ikkje bygde til universitetsføremål. Bygningsmassen inkluderer for eksempel byvillaer frå 1700-talet, museum, idrettsanlegg og topp moderne laboratoriebygg.

Dragefjellet skole, jussbygget til UiB
Foto/ill.:
Thomas Vindal Christensen

Dragefjellet skole

Hausten 2020 opna Noregs fyrste pandemisenter ved UiB. Senteret skal produsere samfunnsrelevant kunnskap for førebygging og handtering av pandemiar i eit langsiktig perspektiv. Senteret har som føremål å initiere og leggje til rette for tverrfagleg forskings- og utdanningssamarbeid om tema relatert til pandemiar, rådgje og informere dei som styrer og ålmenta.

Universitetet i Bergen disponerer 415 000 kvadratmeter fordelt på 95 bygg i Bergen. 38 av desse er freda og 5 er verna. UiB legg mykje innsats i å bevare desse som ein del av å vår felles kulturarv.

Planar

UiB planlegg eit realfagleg kraftsentrum på Nygårdshøyden Sør. Dette inkluderer rehabilitering av Realfagbygget og Fysikkbygget, og realisering av eit nytt bygg i Allégaten 64. Statsbygg gjennomfører no forprosjektering av nytt Griegakademi i Møllendal på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og med finansiering frå UiB. Det pågår óg reguleringsarbeid med Alrek 4 og Kontorbygg Dokkeveien. Rehabilitering av Nygårdsgaten 5 er i gang og vil være ferdig våren 2023.

 

Med nær 20 000 studentar og over 4 000 tilsette fargelegg UiB byen vår, og bidreg til å skape positive ringverknader som strekk seg langt utover Nygårdshøyden. I ei tid der kunnskap, samarbeid og handlekraft er nøkkelen til ei berekraftig framtid, har UiB ei sentral rolle, både som sjølvstendig aktør, men og som eit bindeledd mellom forsking og utdanning, næringslivet og det offentlege. Dette arbeidet kjem særskilt til syne i UiB si leiarrolle knytt til FNs berekraftsmål 14: Livet i havet, eit mål både byen og bergensarane er opptekne av.

Rune Bakkervik, ordførar i Bergen