Home
Faculty of Social Sciences

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Æresdoktorforelesning

Den universelle retten til å puste

Retten til å puste er universell og grunnleggande, og gjeld for både mennesket og andre livsformer. Vår nyslådde æresdoktor Professor Achille Mbembe trekk linene frå kolonitida og fram til vår tids store utfordringar, slik som pandemi, klimakrise og rasisme, med pusten som gjennomgangstema.

Achille Mbembe portrait Foto Torhild Dahl UiB
Professor Achille Mbembe er utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Bergen. Mbembe er ein av dei viktigaste postkoloniale tenkjarane frå Afrika, og på si æresdoktorforelesing snakka han om vår universelle rett til å puste.
Photo:
Torhild Dahl, UiB

Main content

Vi ser at både jorda si evne til å puste, og vår universelle rett til å puste er truga frå fleire hald. Covid- 19 pandemien konfronterte oss med vår eiga dødelegheit, og angreip folk sitt høve til å puste heilt fundamentalt. Samtidig forsterka pandemien det apartheidliknande systemet for tilgang på helsehjelp, vaksiner og medisinsk utstyr. Dette systemet har røter heilt tilbake til kolonitida.

Også klimakrisa trugar sjølve lufta på jorda. Her ligg også gamle strukturar frå kolonitida bak, med ein kolindustri, energiproduksjon og energibruk som kveler jorda.

Då George Floyd vart kvelt til døde i USA vart vi minna om at vår rett til å puste og leve dessutan er truga av den omfattande rasismen som er ein heilt innebygd struktur og ei arv frå slavetida som stadig muterer og finn nye former.

Spørsmålet er korleis vi skal få slutt på ein verdsorden som livnærer seg på å øydelegge liv og livsvilkåra for folk og andre livsformer?

– Professor Achille Mbembe i si æresdoktorforelesing ved UiB