Home
Department of Information Science and Media Studies

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Føredrag

Maskiner tenkjer ikkje. Dei reknar

Som ein del av NAIS Symposium og FTPfest arrangeres førelesinga "Maskiner tenkjer ikkje. Dei reknar” i Media City Bergen. Velkommen.

Media City Bergen
Photo:
Simon S. Brandseth

Main content

Foredraget er ein del av NAIS Symposium  og FPTfest.

I foredraget "Maskiner tenkjer ikkje. Dei reknar” vil Bjørnar Tessem sjå på omgrep som algoritmar og kunstig intelligens. Algoritmar er eigentleg oppskrifter på korleis vi skal rekne, og bør sjåast på som slike. Den omseggripande bruken av formuleringar som «maskina tenkjer», «maskina forstår», «maskina har medvit» i dagens kunstig intelligens-debatt dekkjer til det faktumet at datamaskiner er styrte av 100% mekaniske prosessar.

Om foredragsholderen

Bjørnar Tessem er professor i informasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen. Han starta sin karriere som kunstig intelligens-forskar på 1980-talet og har følgt fagfeltet nøye gjennom 40 år. Han har undervist studentar på alle nivå innan kunstig intelligens, og forskar i dag på bruk av kunstig intelligens i fiskeriforvaltning og nyheitsproduksjon.