Home
Department of Physics and Technology

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Bachelorprogram

Institutt for fysikk og teknologi tilbyr eit bachelorstudium i fysikk, som konsentrerar seg kring lovene og prosessane i naturen. Programmet har 30 studiepoeng valemne og ei opning for å studere eit semster i utlandet slik at du har fridom til å velje kva du vil studere nærare og kva erfaringar du vil ta med deg frå studiet.

IFT
Photo:
IFT

Main content

Korleis heng verda saman? Kan vi gjenskape forholda rett etter Big Bang? Kor smått er det minste vi kan «sjå»? Kva er ei kvantedatamaskin, og korleis blir ho laga? Korleis blir atmosfæren si samansetting påverka av energitransport frå sola? Korleis kan ein måle og modellere kompliserte fysiske prosessar?

Fysikk er eit grunnleggande fag som tek føre seg heile naturen, frå det indre i atomkjernane til dei fjernaste galaksane. Fysikken er også fundamentet for andre naturvitskapar og for all moderne teknologi.

Studiet skal gjere greie for det teoretiske grunnlaget for fysikken, og elles eksperimentelle metodar og naturvitskapleg og teknologisk bruk av fysikk. Det blir lagt vekt på analytisk tenkemåte og teoretisk og praktisk problemløysing.

Les meir om utdanningsplanen i fysikk her:
Bachelorprogram i fysikk