Home
Department of Biological Sciences (BIO)

Astrid Berge - rådgjevar ved Direktoratet for naturforvalting

Min fyrste tanke er; nyt studenttida så lenge den varer! Det er lett å gløyme kva privilegium studentlivet er i ein travel kvardag

Namn: Astrid Berge

Noverande jobb: Rådgjevar ved seksjon for Biosikkerheit, framande artar og kulturlandskap, Direktoratet for naturforvaltning

Utdanning: Master i Biologi -  Biodiversitet, evolusjon og økologi ved Institutt for biologi, og Praktisk pedagogisk utdanning ved Psykologisk institutt, Universitetet i Bergen

 

Kva gjer du no?

Eg er tilsett ved ein miljøforvaltningsinstitusjon som er underlagt Miljøverndepartementet. Til dagleg jobbar eg med problemstillingar knytt til førekomst av framande artar i norsk natur. I dei siste åra  har ein opplevd ei auke i førekomst av framande artar i Noreg, og som svar på dette er det no utarbeida regelverk for å avgrense utbreiinga av slike. Som eit ledd i denne reguleringa jobbar mine kollegaer og eg med to forskrifter som har som mål å regulere omfanget av innførsel og utsetting av framande organismar, og utsetting av framande treslag i Noreg. Eg har mellom anna ansvar for å utarbeide elektroniske søknadsskjema knytt til desse to forskriftene.

 

Kva er du mest nøgd med i din noverande jobb?

Eg  er svært nøgd med å kunne jobbe med problemstillingar som interesserar meg, og at eg har ein variert og fagleg utfordrande arbeidskvardag. Å kunne jobbe direkte med prosessar for å bevare biologisk mangfald er for meg eit stort privilegium. I tillegg  vil eg nemne mine trivelege og kunnskapsrike kollegaer som eg set svært stor pris på! Å ha eit fagmiljø rundt seg som ein kan søkje hjelp hjå er svært verdifullt.

 

Kva relevans har det du har lært ved BIO og UiB for deg i den jobben du no har?

Mine år på universitetet har gitt meg ein brei kunnskap om fagfeltet biologi, som er svært nyttig i arbeidskvardagen, men det har òg gitt meg kunnskap utover dei ”harde fakta”. Utdanning handlar etter mitt syn like mykje om å utvikle sine personlege eigenskapar, som det å lære eit fagfelt. I løpet av studiet har eg lært meg å takle stress og tidspress, formidle og argumentere for eit synspunkt, samarbeide på tvers av både fagfelt og nasjonalitet og snakke framfor eit publikum. I ein prosjektbasert arbeidskvardag er slike eigenskapar essensielle for å få til eit godt samarbeid.

 

Har du tips/råd til dei som studerer no ut frå dine erfaringar?

Min fyrste tanke er; nyt studenttida så lenge den varer! Det er lett å gløyme kva privilegium studentlivet er i ein travel kvardag. Set pris på alt du får lære, alt du får oppleve, alle dei trivelege medstudentane får bli kjend med og alle festane som krydrar studentkvardagen!  Gled deg til lab-dagen, sjølv om du må skrive lab-rapport etterpå, for slike aktivitetar gir deg minner for livet! Sjølv kjem eg til dømes aldri til å gløyme rottedisseksjonen på innføringskurset i zoologi. Ei veldig spanande, men heller ekkel oppleving, for ein komande botanikar.

 

Kva minner har du frå studietida på BIO?

 Eg ser tilbake på svært mange gode minner frå studietida. Eg trur den kan oppsummerast som ein herleg miks av mykje spanande fag, ein stor dose trivelege medstudentar og inspirerande førelesarar, ein heil del sosiale arrangement og festing, og ein dash stress og eksamensnerver.

I tida då eg skreiv masteropppgåva fekk eg for alvor prøve meg på livet i felt og livet på lesesalen. Sjølv om det var ei krevjande tid, så ser eg tilbake på mange fine opplevingar og erfaringar eg ikkje ville ha vore for utan. Spesielt vil eg trekkje fram alle dei flotte menneska som eg delte lesesal med i løpet av mastergrada, de har gitt meg mange herlege minner frå studietida!

 

Kva skreiv du masteroppgåve om ?

Eg skreiv master oppgåve om frøplanterekruttering langs klimagradientar i sør Noreg, der mitt mastergradsprosjekt inngjekk i klimaforskingsprosjektet SeedClim. Tittelen på oppgåva var “Seedbank, Seedrain, and Seedling Recruitment along Climatic Gradients in Southern Norway”.