Home
Research group for rhetoric, democracy and public culture

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
I media

– Rir metaforane til himmel eller helvete

Stipendiatene Trygve Svensson og Erik Knudsen kommenterer retorikken til Brann-trener Rikard Norling

Erik Knudsen og Trygve Svensson
Erik Knudsen og Trygve Svensson (Foto: Synne Holst/Studvest og Arbeiderpartiet).
Photo:
Synne Holst/Arbeiderpartiet

Main content

Sakset fra Nrk.no (Journalist: Britt Kristin Ese):

"(...)

Brann stuper mot 1. divisjon. Medan tidlegare trenarar har blitt lynsja for mindre, står Rikard Norling fjellstøtt. Norlings rykte, språk og oppførsel er årsaka, seier retorikkekspert: – Hadde han vunne kampar, hadde han vore på Obama-nivå.

Til høglydt jubel og smellkyss frå ordførar i Bergen Trude Drevland, dukka Rikard Norling opp i norsk fotball som trenar for Brann. Forventningane var enorme til den svenske trenaren, genierklært som han var lenge før ein einaste kamp var spelt.

 Men årets sesong skulle bli ein stor skuffelse for alle. Med fire kampar att å spele i årets tippeliga, ligg Brann under streken med 23 poeng. Trass i dette står ein person står fjellstøtt i stormen, framleis hylla som trenaren som skal føre Brann mot eit framtidig seriegull.

– Tidlegare trenarar har blitt hengt ut

– Då spissen Trond-Egil Soltvedt fekk sparken i Brann, stod det «styret må døy» på veggen. Det ser me ikkje med Norling. Eg lurer på kva Mons Ivar Mjelde tenker om det som skjer med Norling, han som sørga for gull, sølv og bronse til Brann, men som fekk så mykje kjeft, seier retorikkforskar Trygve Svensson.  

Då NRK ringer han sit han på ein retorikkonferanse i Lund, Malmö. Den same staden der Norling sjølv leia sitt førre lag Malmö FF til svensk seriegull. Etter å ha studert videoklipp av Norling, er konklusjonen klar.

 – Norling har komme så langt det er overhovud mogleg å komme innan kommunikasjon.

– Kom med eit godt rykte til Brann 

Brann har ei historie for å «lynsje» tidlegare trenarar i motgangstider. Mons Ivar Mjelde, Teitur Thordarson og Rune Skarsfjord blei sparka eller gjekk frivillig «av omsyn til klubben», ulikt Norling som no er i den same situasjonen.

 Brann har lege farleg nærme nedrykksgrensa til 1. divisjon fleire gonger tidlegare, sidan dei sist for om lag 30 år sidan var ute av Tippeligaen. Nedrykket er no nærmare enn på lenge, men Rikard Norling har framleis tillit, seier retorikkforskaren.

– I motsetning til dei tidlegare Branntrenarane kom han med ein record, eit godt rykte til klubben. Det er det me i retorikken kallar eit sterkt etos. Laget han forlét skal no spele Champions League-fotball, medan Norling kanskje endar opp mot med å spele mot Nest-Sotra.

Difor er det ikkje berre ei tragedie for Brann dersom laget rykker ned. Det er òg ei personleg tragedie for Norling, seier Svensson.

Metafor-maskina Rikard Norling

Og som i heimlandet har Norling i Noreg blitt kjent som litt av ein ordsmed. Med formuleringar som «me må rykke opp røtene våre, og vatne litt meir frå høgre, og ikkje frå venstre» kastar han rundt seg metaforar og poetiske formuleringar. 

I sin tidlegare klubb blei han kalla «il professore», fordi han er ein fotballtrenar med ein uvanleg rik metaforbruk, seier retorikkforskar Trygve Svensson.

– Her hos oss har han samanlikna Erik Huseklepp med ein fri fugl eller ei ballerina. I Malmö samanlikna han det å byrje som trenar for eit lag med å gifte seg med nokon si dotter.

– Eg trur det har vore litt for mykje profesjonell kommunikasjonsrådgiving i fotball. Både spelarar og trenarar snakkar om «fokus på oppgåvene» og «ein kamp om gangen». Men det me elskar er den som seier noko uvanleg og som torer å overraske oss. Ved å bruke desse språklege bilete gjer Norling dette, seier Svensson.

– Han er trenaren som kler seg naken for lagets fans. Han har ingen val, han er forelska i språket, og rir metaforane heile vegen til himmel eller helvete. Men det betyr ikkje nødvendigvis at han er ein god retorikar. Hugs trønder-lærarane som har gjort så mykje suksess i norsk fotball; Eggen og Bye Riise, dei var store pedagogar som klarte å overføre tankane sine til spelarane så effektivt at dei vann kamp etter kamp.

– Norling dempar «lynsjelysta» hos folk

Også medieekspert Erik Knudsen ved UiB meiner måten Norling står fram på gjer at han kan stå i stormen Brann er midt oppe i. Han meiner det er spesielt tre ting som gjer at Norling er lett å like: Han står fram som ærleg, stødig, og som «ein av folket». 

– Når han blir konfrontert med den dårlege situasjonen laget er i, så legger han seg flat. Han viser fram og kommenterer svakheitene framfor å skjule dei. Samtidig skuldar han ikkje på spelarane eller eksterne faktorar som publikum eller det andre laget. Dette gjer at han står fram som ærleg.

 Dei to forskarane er einige om at Norling gjer ei rekke ting som vekker empati hos folk.

– Når Brann tapar ser det ut som han lir. Det ser ut som han har det oppriktig vondt, han sveittar og ser bleik ut. Han blir eit bilete på sorga som supporterane også føler. Han kle seg naken for oss, og prøver ikkje å skjule nederlaget. Det er kanskje ein av grunnane til at han har halde sin posisjon, seier Trygve Svensson.

– Fantastisk om han kunne ha reist seg

Norling er ein mjuk mann som har komme inn på ein machoarena, seier Svensson. Og det har blitt godt tatt i mot. 

– Me kan jo berre tenke på korleis det hadde vore dersom han hadde vunne kampar i tillegg. Han hadde vore på Obama-nivå. Hadde han vunne kampar kunne han omtrent ha grynta til kamera, altså kommunisert berre gjennom griselydar.

 Kor lenge held populariteten seg dersom Brann rykker ned?

– Slik som det er no er spelarane og trenaren i eit skjebnefellesskap. Kva som skjer etter sesongen er mykje meir opent. Det hadde vore ei fantastisk historie dersom han kunne reist seg frå oska som ein fugl Fønix og vunne, seier Svensson.

 (...)"

Les saken i sin helhet hos NRK Hordaland.