Home
Department of Foreign Languages

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Main content

Publiseringsstøtte, forskotsbetaling

Ein del av bøkene til forskarane ved IF vert utgjevne ved hjelp av publikasjonsstøtte til forlaget. Dersom ei slik bok ikkje vert gitt ut i det året ho er planlagt, kan dette føra til at støtta som er gitt til utgjevinga, vert trekt inn ved årsskiftet. I slike situasjonar kan instituttet unntaksvis forskotsbetala publikasjonsstøtta til forlaget. Dette må avtalast med administrasjonssjefen, og følgjande vilkår må dessutan vera på plass:
 

  1. Arbeidet med publikasjonen, inkl. samarbeidet med forlag/utgjevar, må vera i gang det året instituttet betalar ut støtta.
  2. Det må vera sett eit forventa utgjevingstidspunkt for publikasjonen i det påfølgjande kalenderåret.
  3. At arbeidet med publikasjonen er i gang (pkt 1 over) og at det er sett eit utgjevingstidspunkt i neste år (pkt 2 over) må stadfestast i ein avtale eller eit brev frå forlaget/ugjevaren.