Hjem

Molekylærbiologisk institutt

Studentorganisasjonen Heliks

Heliks - studentorganisasjonen for molekylærbiologistudenter

Vil du gjere ein innsats i studiemiljøet ditt og få ei enda betre studietid?

heliks.jpg

14 students on two rows.
Foran, fra venstre: Inga K. F. Moltzfeldt, Karoline Krogstad, Kristine Dolva, Hilde E. Lien, Ingrid O. Tveranger. Bak, fra venstre: Victoria S. Arnesen, Dina S. Grønseth, Tina Sure, Christine Darbakk, Helene Bing, Rebecca Wangen, Adnan Basic, Odd-Erik Bakkebø, Kamilla O. Jansen, Morsal Saba

Heliks er studentorganisasjonen hjå Molekylærbiologisk institutt der bachelor- og masterstudentar sit i styret. Alle studentar på bachelor- eller masterprogrammet i molekylærbiologi er automatisk medlem av Heliks og har stemmerett på Allmøtet.

Heliks blei grunnlagt i 1998 og er eit bindeledd mellom studentane og instituttet, blant anna gjennom at dei har studentrepresentantar i Programstyret og Instituttrådet. Studentorganisasjonen arrangerer ei rekkje både faglege og sosiale hendingar.

 

Karrieredag

Kvart år arrangerer Heliks karrieredag for molekylærbiologar. Det kjem spennande gjestar både frå privat og offentlig verksemd, og mange med utdanning frå Molekylærbiologisk institutt.

Vaffeltorsdag

Annankvar torsdag er det vaffeltorsdag, kor Heliks sel vaflar. Salet av vaflane foregår i Loopen i 5. etasje på Molekylærbiologisk institutt.

Bachelor/mastermøte

Som et tilbod til potenstielle framtidige masterstudentar inviterer noverande masterstudentar til ein bachelor/masterkveld. Der fortel dei om oppgåvene sine, emne dei har tatt, om livet på laboratoria og generelle opplevingar om det å vere masterstudent hjå MBI.

Sosiale arrangement

Heliks inviterer med jevne mellomrom studenter i molekylærbiologi til andre sosiale arrangement.

Lesesal

Heliks administrerer fordelingen av lesesalplasser.