Hjem
Universitetsbiblioteket
Cristin

Persondata i Cristin

UiB har automatisk overføring av stad- og persondata til Cristin, for nokre kategoriar tilsette.

Har du problem med tilgang til Cristin, ta kontakt med cristin@uib.no

UiB overfører automatisk data om personar som fell inn i desse kategoriane: 

  • Månadsløna vitskapeleg tilsette 
  • Tilsette med stillingstitlane 'Instituttleder', 'Dekan', 'Rektor' 

Persondata om honorar- og bilagsløna vitskapeleg tilsette og teknisk/administrativt tilsette vert ikkje overført grunna nye personvernreglar (GDPR). For informasjon om handtering og registrering av ulike personkategoriar, sjå under. 

Månadsløna vitskapeleg tilsette 

Ta kontakt med cristin@uib.no dersom personen ikkje er registrert i, eller får tilgang til, Cristin.  

Andre tilsette/emeriti/eksterne stipendiatar/gjesteforskarar/studentar 

For tilgang til Cristin for desse kategoriane, ta kontakt med cristin@uib.no

Stipendiatar som er tilsett ved ein annan Cristin-institusjon og har tilgang via den institusjonen, nyttar denne tilgangen. Eventuelle UiB-krediteringar kan leggast til eller endrast direkte på publikasjonane

For personar i desse kategoriane som ikkje ligg inne som identifiserte personar (p-person) i Cristin, ta kontakt med cristin@uib.no for å få registrert dei manuelt. For at personen skal kunne registrerast må vedkommande ha eit norsk personnummer eller D-nummer, eventuelt treng me passnummer.