Hjem
Universitetsbiblioteket

Laste opp publikasjoner i Cristin

I Cristin kan du laste opp artiklar, bokkapittel, bøker, doktoravhandlingar og rapportar i fulltekst. Publikasjonane vert deretter overført til UiBs vitenarkiv BORA for open tilgjengeleggjering. Universitetsbiblioteket sjekkar at forlagets/tidsskriftets retningslinjer gjev lov til open tilgjengeleggjering før publikasjonar vert lagt ut i BORA.

Hvordan laste opp fulltekst av en artikkel i Cristin

Ein ny versjon av Cristin-systemet er under utvikling. I ein periode vil ein derfor kunne bruke både den gamle og nye versjonen. Rettleiingane under viser korleis ein kan laste opp publikasjonar både i det gamle og nye systemet.

Cristin (gammal versjon)

  • Logg deg på Cristin: http://cristin.uib.no
  • Registrer ein ny artikkel eller klikk på ein allereie registrert artikkel.

Cristin opplasting 1
Foto/ill.:
Cristin
  • Under artikkelen klikkar du på "Lever fulltekstdokument" og vert sendt vidare til neste side.

Cristin opplasting 2
Foto/ill.:
Cristin
  • Dersom du ser at det allereie er avlevert ein fulltekst, treng du ikkje laste opp ein ny.
  • Før du kan gå vidare, må du godkjenne vilkåra for bruk av BORA.
  • Marker deretter kva versjon du lastar opp. Du skal i utgangspunktet laste opp den aksepterte fagfellevurderte versjonen. Publisert versjon skal berre lastast opp dersom artikkelen er publisert opent med ein Creative Commons-lisens, eller du veit at forlaget gjev løyve til open tilgjengeleggjering av den publiserte versjonen. For meir informasjon om artikkelversjonar, sjå: https://www.uib.no/ub/71783/opphavsrett-til-eget-vitenskapelig-arbeid#artikkelversjoner
  • Klikk på "Gå videre" for å laste opp artikkelen.

Cristin opplasting 3
Foto/ill.:
Cristin
  • Klikk på "Choose file" for å søkje fram artikkelen som er lagra på di maskin eller heimeområde og last han opp.

Cristin opplasting 4
Foto/ill.:
Cristin
  • Etter opplasting vil du sjå ei kvittering på avlevert dokument.
  • Artikkelen vert overført til BORA og fyrst tilgjengeleggjort når retningslinjer er avklart med tidsskrift/forlag. Dersom du har lasta opp feil versjon (i regelen at publisert versjon er lasta opp i staden for akseptert versjon), vil du kontaktast med førespurnad om å laste opp korrekt versjon.
  • Det er no mogleg å laste opp fleire filer på posten, til dømes supplement.
  • Når du er ferdig, klikk på "Avslutt". 

Har du spørsmål?

Kontakt oss på bora@uib.no

Cristin (ny versjon)

  • Logg deg på Cristin: https://app.cristin.no/
  • Registrer ein ny artikkel (resultat) eller søk etter ein allereie registrert artikkel.

nye_cristin_opplasting1
Foto/ill.:
Cristin
  • Under overskrifta "Institusjonsarkiv" klikkar du på "Lever fulltekstdokument" og vert sendt vidare til neste side.

nye_cristin_opplasting2
Foto/ill.:
Cristin
  • Dersom du ser at det allereie er avlevert ein fulltekst, treng du ikkje laste opp ein ny.
  • Før du kan gå vidare, må du godkjenne vilkåra for bruk av BORA.
  • Marker deretter kva versjon du lastar opp i feltet "Velg dokumenttype". Du skal i utgangspunktet laste opp den aksepterte fagfellevurderte versjonen. Publisert versjon skal berre lastast opp dersom artikkelen er publisert opent med ein Creative Commons-lisens, eller du veit at forlaget gjev løyve til open tilgjengeleggjering av den publiserte versjonen. For meir informasjon om artikkelversjonar, sjå: https://www.uib.no/ub/71783/opphavsrett-til-eget-vitenskapelig-arbeid#artikkelversjoner
  • Klikk på "Browse" for å søkje fram artikkelen som er lagra på di maskin eller heimeområde.
  • Klikk på "Last opp" for å laste opp artikkelen.

nye_cristin_opplasting3
Foto/ill.:
Cristin
  • Etter opplasting vil du sjå ei kvittering på avlevert dokument.
  • Artikkelen vert overført til BORA og fyrst tilgjengeleggjort når retningslinjer er avklart med tidsskrift/forlag. Dersom du har lasta opp feil versjon (i regelen at publisert versjon er lasta opp i staden for akseptert versjon), vil du kontaktast med førespurnad om å laste opp korrekt versjon. 
  • Det er no mogleg å laste opp fleire filer på posten, til dømes supplement.
  • Når du er ferdig, klikk på "Avslutt". 

Har du spørsmål?

Kontakt oss på bora@uib.no