Hjem
Universitetsbiblioteket

Ofte stilte spørsmål - Fulltekst i Cristin

Hovedinnhold

Korleis lastar eg opp ein fulltekstversjon av ein artikkel i Cristin? 

Kvifor må eg laste opp ein fulltekstversjon av artiklar i Cristin? 

UiB har som mål at vitskaplege artiklar skal vere opent tilgjengelege. Det er i tråd med regjeringas målsetnad om at alle norske vitskaplege artiklar finansiert av offentlege midlar skal vere opent tilgjengelege innan 2024 og også krav frå mange ulike finansiørar som til dømes Forskingsrådet og EU. 

Dei nasjonale retningslinjene for open tilgang krev at artiklar vert deponert i eigna vitenarkiv uavhengig av publiseringskanal og uavhengig av om eller når det er mogleg å gjere dei opent tilgjengelege. Artiklar som vert lasta opp i Cristin vert automatisk overført til UiBs opne vitenarkiv BORA og vert tilgjengeleggjort dersom lisens eller tidsskrift/utgjevar tillèt det. 

Må eg laste opp ein fulltekst på alle mine publikasjonar i Cristin? 

Kravet om opplasting av fulltekst gjeld for publikasjonar som er registrert som vitskaplege artiklar i Cristin, ikkje for vitskaplege monografiar, antologiartiklar/kapittel eller konferanseartiklar.  

Det skal lastast opp ein fulltekst for alle vitskaplege artiklar registrert i Cristin, uavhengig av om desse er finansiert av Forskingsrådet og EU eller ikkje.  

Kva er ein akseptert versjon av ein artikkel? 

Den aksepterte versjonen av ein artikkel (også kalla postprint, AAM, forfattarversjon, forfattars endelege versjon) er den siste versjonen forfattar sender til tidsskriftet etter at fagfellevurdering er gjennomført, men før utgjevars formatering. Den aksepterte versjonen vil innehalde alle revisjonar gjort i løpet av vurderingsprosessen og vil innhaldsmessig vere lik den publiserte versjonen, men vil i regelen ikkje vere omarbeida av utgjevar og påført tidsskriftets logo og sidetal. 

Den aksepterte versjonen vil ofte vere i Word- eller andre tekstformat. 

Ein akseptert versjon er ikkje det same som ein «korrekturversjon» (page proof). Den aksepterte versjonen er den siste versjonen du sender til forlaget. Forlaget sender deretter tilbake ein «korrekturversjon». 

Korleis finn eg den aksepterte versjonen av ein artikkel? 

Det er fleire måtar å skaffe den aksepterte versjonen av ein artikkel: 

  • Søk etter artikkelen i e-posten din eller på datamaskina di (mest relevant om du er korresponderande forfattar). 
  • Kontakt medforfattarane dine. 
  • Logg deg inn i tidsskriftet sitt innsendingssystem og last ned ein kopi av den aksepterte versjonen. 
  • Send ein e-post til tidsskriftet og be om ein kopi av den aksepterte versjonen. 

Kvifor skal eg laste opp den aksepterte versjonen og ikkje den publiserte versjonen av artikkelen? 

Målsetnaden er at flest mogleg artiklar skal gjerast opent tilgjengelege. Dei fleste utgjevarar tillèt at den aksepterte versjonen av ein artikkel vert gjort opent tilgjengeleg, medan dei i regelen ikkje tillèt at den publiserte versjonen vert gjort opent tilgjengeleg.   

Om ein artikkel er publisert opent (open access) kan du laste opp den publiserte versjonen. Publisert versjon kan også lastast opp når du veit at utgjevar tillèt at den versjonen kan gjerast opent tilgjengeleg.  

I kva format skal fullteksten av artikkelen lastast opp? 

Der ikkje krav om eit spesifikt format for opplasting i Cristin, men det er ynskjeleg at Word-filer (eller andre tekstformat) vert konvertert til PDF før opplasting. Det er også ynskjeleg at eventuelle kommentarar og endringsforslag (spor endringar i Word) er inkorporert og fjerna.  

Om mogleg bør alle delar av ein artikkel samlast i eit dokument (tekst og figurar, bilete ol.). Men det er også mogleg å laste opp fleire filer på kvar artikkel i Cristin. 

Kven har ansvar for opplasting av fulltekst på artiklar med fleire forfattarar? 

Alle forfattarar (frå UiB) har eit sjølvstendig ansvar for å forsikre seg om at ein fulltekst vert lasta opp, men det er berre naudsynt at ein av forfattarane lastar opp fullteksten 1 gong. Om det allereie er lasta opp ein fulltekst på posten, vil du sjå ei melding om dette når du klikkar på “Lever fulltekstdokument” i Cristin. 

Kva skjer med dokumentet etter at eg har lasta det opp i Cristin? 

Artiklar som vert lasta opp i Cristin vert automatisk overført til UiBs opne vitenarkiv BORA og gjort tilgjengelege i tråd med UiBs rettigheitsordning