Hjem
Universitetsmuseet i Bergen
Fakta

Den falske valmuesøster

Bygatene er grå og kjedelege, men kjem ein litt ut frå sentrum  er det straks noko anna om våren og sommaren, ei lita fargeprakt i gult.

Den falske valmusesøster
FALSK: Den falske valmuesøster "Papaver canmbricum# i Nils Klims gate sommer 2017.
Foto/ill.:
UiB/D.O.Øvstedal

Hovedinnhold

Den falske valmuesøstera- prydplante og spurvemat. I vinkelen mellom fortauet og husveggen spirer det opp  ein plante, Papaver cambricum, og frå slutten av mai til langt utpå sommaren blømer denne valmua med gule til oransje blomar. Planten vert kalla eit ugras, men då kjem straks spørsmålet: kva er eit ugras? For bonden er det enkelt, eit ugras er ein plante som tar næring frå plantane han dyrkar. For hageeigarar er problemet ikkje det same, men meir  eit spørsmål om å øydeleggje den planlagte utsjånaden.  Dette siste kan vel og gjelda for sentrumsgatene, men det er for enkelt, mange har ei positiv oppleving av bløminga til den gule valmuesøstera. I Goethe si fargelære er det berre godord om den reine gulfargen:» i si reine form er fargen oppløftande gult har ein varm og behageleg verknad…har ein løfta, munter, mildt stimulerande verknad..».

Ho vært kall falsk

Papaver cambricum høyrer i dag til valmueslekta, men vart tidlegare plassert i slekta Meconopsis-valmuesøstrene. Difro er ho her kalla den falske valmuesøstera.  Meconopsis er ei slekt som finst i Himalaya og nærliggande område.  Papaver cambrica veks vill i fjella på den iberiske halvøya og i Søraust- England, og har karakterar i blomsten som samsvarer meir med valmuesøstrene enn med valmuer, men molekylære granskingar i det siste har synt at arten høyrer heime i Papaver.

Den gule valmuesøstera dukka først opp i Bergen rundt 1930, truleg vart ho dyrka i Muséhagen, og først i dei siste par tiåra har ho verkeleg spreidd seg i byen. På landsbasis veks ho langs kysten frå Oslo til Sogn, men er i spreiing.

Nyttvekst

Dett vesle dyrelivet som finst i byen gjer seg nytte av denne planten. Humler og bier vitjar blomsten. Der er det ikkje nektar, men dei  samlar pollen, som er proteinrikt. Om seinsommaren vert kapslane modne, og åpnar seg med flikar øverst. Stengelen vert og tørr og stiv, og når nokon kjem borti den, vert frøa slynga ut av kapselen, og såleis spreidd eit stykke frå morplanten. Men her kjem spurven inn i biletet. Gråspurven har eit hardt liv i bygatene og må nyttiggjera seg av det han kan. I gamle dagar, då det var hesteskyss i byen, var det enklare, då kunne han leva av havrekorn i hesteskiten.  I dag må han ty til mellom anna frøa til den falske valmuesøstera, nokre går til og med laus på kapselen før frøa er kasta ut.