Home
Department of Geography

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny bok

Verda og vi - ny lærebok i geografi

Kva styrer vêr- og klimamekanismane på kloden, og kva konsekvensar har klimaendringar for natur og samfunn? Korleis blir ressursane på kloden brukt og forvalta, og kvifor ligg grenser der dei ligg? Kvifor er det slik her, nett no?

Boklansering på Akademika
Erlend Eidsvik, Pål Ringkjøb Nielsen, Tarje I. Wanvik og Erik Kolstad presenterte boka på Akademika.
Photo:
Gro Aase

Main content

Erlend Eidsvik, Erik Kolstad, Pål Ringkjøb Nielsen, Vibeke Vågenes og Tarje I. Wanvik er forfattarane av den splitter nye boka «Verda og vi. Innføring i geografi». Boka er den første norskspråklege læreboka i geografi som er tilpassa lærarutdanninga.

Kvifor slik, nett her?

Dette er spørsmålet som går igjen i heile boka, som ein inngang til både naturgeografi og samfunnsgeografi.

Det andre gjennomgangstemaet i boka er berekraft. I den nye læreplanen, Fagfornyinga, er berekraft eit kjerneelement, og geografifaget er ein nøkkel til å kople berekraft i samfunn og skule på konkrete måtar.

Sentrale tema i geografi

Boka gir ein gjennomgang av dei sentrale tema i geografi, og inneheld tips til undervisning og ressursar. Den første delen omhandlar naturgeografi og tek for seg vêr, klima og dei ulike prosessane som endrar landformene på jorda. Den samfunnsgeografiske delen omhandlar mellom anna ressursar, globalisering, migrasjon og urbanisering. Boka er gjennomillustrert.

Boka er utgitt på Samlaget.