Home
Faculty of Social Sciences

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Media Futures

Teknologien tek over

DEBATT: – Sjølv om internettet ikkje får nervesamanbrot, og robotar ikkje hjelper gamle damer over gata, har dei andre eigenskapar som set føringar på kva handlingar som går an å utføre. Vi er små menneske med stadig større teknologiar, og vi kan ikkje fortsetje å tenkje som før.

MediaFutures resirkuleringsrobot
Ein robot gir her ei kvinne beskjed om kvar avfallet skal sorterast. Når teknologien får større plass i samfunnet er det særs viktig å forstå dynamikken mellom teknologi og menneske.
Photo:
Regine Olsen-Hagen, UiB

Main content

Kven har ansvaret når sjølvkøyrande bybanevogner krasjar? Er det programmeraren, eller kanskje den førarlause bybanevogna sjølv? 

Maskiner baserte på kunstig intelligens erstattar menneske i manuelle så vel som intellektuelle prosessar, og det er vanleg å meine at menneska styrer teknologiutviklinga, og ikkje omvendt. Statlege institusjonar, styre, råd og utval tek avgjerder om kva teknologiar som skal innførast, og det verkar som menneska styrer teknologiutviklinga med fri vilje og fast hand.

Nettet får ikkje nervesamanbrot

Men teknologiar er berre underordna menneska viss dei er nøydde å ha same typen handlekraft og åtferd som menneska, for å få tilkjent status som ein handlande agent. Sjølv om internettet ikkje får nervesamanbrot, og robotar ikkje hjelper gamle damer over gata, har dei andre eigenskapar som set føringar på kva handlingar som går an å utføre.

For å kome inn i ein post-humanistisk måte å forstå teknologi på, må vi akseptere nokre av premissane til teorien om teknologisk determinisme. Dette er ein kjent og utskjelt teori, som føreset at menneska ikkje eigentleg har særleg god kontroll over utviklinga, og at det finst ei vesentleg handlekraft og moralsk retning i teknologiane sjølve.

Menneska kan ikkje velje å bruke dei, eller å ikkje bruke dei. Utviklinga av betre og meir kraftfull teknologi er ustoppeleg, sjølv om den vart sett i gang av og vidareført av menneske.

Bekymra på 50-talet

Filosofen Martin Heidegger var svært bekymra for menneska sin stadige delegering av ferdigheiter til moderne teknologi, og skreiv om dette allereie på 1950-talet.

Eit menneske er best tilpassa teknologiar som fungerer i liten skala. Heidegger oppfattar slike handverksteknologiar som positive for menneska. Keramikk, snikring, muring, sying, skriving og lesing har eksistert i tusenvis av år, og teknologiane som ligg til grunn, er tilpassa til menneskekroppens storleik og yteevne. Handverksteknologiar akkumulerer ikkje nye krefter, og dei er permanent underordna mennesket sin frie vilje.

Moderne teknologi er heilt annleis. Den utviklar seg saktare enn eit menneske, men har mykje større stabilitet og kan akkumulere funksjonar på ein heilt annan måte enn menneske. Både kommunikasjonskanalar og maskiner har vorte stadig meir avanserte, effektive, mobile og kopla saman.

Ingeniørar kan delegere handlingar og deira moralske implikasjonar til moderne teknologi, men deretter vert dei ein del av den akkumulerte yteevna til nettverket i heilskap. Ingeniørar skiftar jobb, pensjonerer seg og døyr, medan moderne teknologi vert sterkare og meir velutvikla år for år.

Svake menneske og sterk teknologi

Moderne teknologi, i motsetnad til handverksteknologiar, kallar Heidegger for «ståande beredskap». Dette litt rare uttrykket viser til at teknologien alltid står klar til å yte sin effektive funksjon. Menneska er svake samanlikna med det globale nettverket av kommunikasjonskanalar og avanserte maskiner som omgjev oss, og det forandrar ingenting at vi har laga dei sjølv.

Det er gode grunnar til å vere bekymra for kva som vil skje, dersom slike maskiner overtek ansvaret for kollektivtransport og andre viktige funksjonar i samfunnet. Men så lenge menneska oppfattar seg sjølve som ansvarlege for teknologiutviklinga, vil det i praksis vere uråd å snu den.

I det norske samfunnet anno 2020 finst det få eller ingen initiativ som føreset aktiv motstand mot akkumulasjonen av funksjonar. Tvert imot finst det eit underliggande imperativ som seier: følg teknologistraumen! Næringslivet, universitets- og høgskulesektoren, statlege utval og regjeringspolitikk bygger opp alle opp under dette imperativet.

Teknologifritt Amish – samfunn?

Finst det andre alternativ? Nei, eigentleg ikkje, vil ein post-humanist måtte svare. Det ville vera ein rein fiksjon å prøve å endre teknologiutviklinga, til dømes ved å lage teknologiar som skapte perfekte livsforhold for menneska i Noreg ut frå vår geografi og kultur, og som var systematisk svakare enn menneska. Noreg måtte ha brote kontakten med resten av verda og bygd eit slags Amish-samfunn, for å unngå å verte påverka av alle koplingane som akkumulerer seg globalt.

Ein slik menneskeorientert teknologipolitikk ville ha skapt risiko for økonomiske nedgangstider og medført ein underleg konflikt mellom dei som var samde i å gjennomføre denne ombygginga, og dei som ynskte å vere med på akkumulasjonen av teknologi.

Teknologiar har makt til å ta over arbeid som menneska gjorde før, og denne makta aukar år for år. Vi er små menneske med stadig større teknologiar, og vi kan ikkje fortsetje å tenkje som før. Det er viktig at vi får ei meir nyansert forståing av teknologifenomenet i offentlegheita.

Vi må ta høgde for at teknologiar er i ferd med å få nettopp ei slik handlekraft og eit slikt moralsk ansvar. 

 

Dette er ein omarbeida versjon av eit debattinnlegg som først sto på trykk i Bergens Tidende 18.01.2020