Home
Department of Comparative Politics
KARRIERE

Kommunikasjons- og marknadsføringsleiar

Pernille Fjørtoft Grøsvik leverte masteroppgåva i samanliknande politikk i 2021. No jobbar ho som Kommunikasjons- og marknadsføringsleiar i Kolibri – Children At Risk Foundation (CARF)

Main content

Masteroppgåva i samanliknande politikk er open med tanke på kva tema ein kan velge, og det gav meg ei god moglegheit til å spesialisere meg – rette meg nærare inn på det feltet eg ville arbeide med.

Hvor jobber du nå/hva jobber du med?


Eg jobber som kommunikasjons- og marknadsføringsleiar i Kolibri – Children At Risk Foundation (CARF). CARF er ein norsk stiftelse frå 1992 som jobber forebyggande med gateborn i Brasil. Me har tre aktivitetssentre i favelaen utanfor Sao Paulo. Der er fleire hundre born som deltek på aktiviteter på sentra når dei ikkje er på skulen, og får oppfølging av våre tilsette i Brasil.
Me held barna unna å hamne på gata eller å få eit liv prega av rus, kriminalitet, vald og prostitusjon. Det gjer me ved å tilby yrkesopplæring med fagbrev og jobbplassering, kunst- og kulturaktivitetar. Fokuset til CARF er heile tida på å bygge opp eigenverdi og å myndiggjere barn og unge.
CARF har hjulpet meir enn 15.000 barn sidan oppstarten i 1992.

Som kommunikasjon- og marknadsføringsleiar i CARF har eg eit ansvar for å kommunisere og marknadsføre organisasjonens formål på riktig måte til riktig tid og riktig publikum. På noverande tidspunkt oppererar me mest på vestlandet og i Norge forøvrig. Det er givande å vere tilsett i ein organisasjon som er i vekst, og som stadig er open for nye moglegheiter og marknader.

 

Hva er det beste med jobben din- og det meste utfordrende?


Som leiar får eg moglegheit til å vere med og legge føringar for kva organisasjonen skal jobbe med. Det er eit stort ansvar, men utruleg spennande. I tillegg jobbar eg tett med dyktige lokale tilsette i Brasil. For meg som alltid har vore nysgjerrig på verda utanfor Norge, er det motiverande å få ha ein så «internasjonal» arbeidsdag. Å få arbeidet med problematikk i Brasil på dagleg basis er noko eg set stor pris på.

Filosofien til CARF med myndiggjering av barn og unge for å skape aktive mottakarar med oversikt over tilværelsen, samfunnet og verda er noko eg kjenner eg kan stå godt inne for.  I tillegg er ingen dag lik på jobb, det er stadig nye utfordringer som dukker opp. Det er stor plass for kreativ tenking og tilnærming til t.d. nye prosjekt i Brasil og i Norge. Eg lærar mykje om korleis det brasilianske samfunnet fungerar i relasjon til dei utfordringar organisasjonen møter på i Brasil. Slik sett treng eg ikkje vera redd for å slutta å læra!

Det mest utfordrande må vere å koble av. Som leiar for kommunikasjon og marknadsføringa er eg alltid bevisst idear eller moglegheiter, og tankar kring det held seg ikkje alltid innanfor arbeidstida.

 

Hvordan har utdannelsen din hjulpet deg i å få jobben du har nå? På hvilken måte drar du nytte av det du har lært på sampol i jobbsammenheng?


Då eg allereie hadde påbegynt søknadsprosessen med stillinga eg har no, i august/september siste året på master valgte eg å skriva masteroppgåva mi om Brasil. Eg gjekk inn for å få denne jobben. Masteroppgåva i samanliknande politikk er open med tanke på kva tema ein kan velge, og det gav meg ei god moglegheit til å spesialisere meg – rette meg nærare inn på dette feltet eg ville arbeide med.
I arbeidskvardagen merker eg korleis den analytiske tankemåten frå sampol ofte er nyttig. Når eg skal sette meg inn i prosjekt og få forstålse for prosessar organisasjonen står ovanfor, kjem den kritiske tenkinga frå sampol godt med. Ved å studera sampol har eg blitt god på å argumentera – det nyttar eg gjerne i arbeidssamanheng.

 

Føler du at utdannelsen ved Institutt for sammenliknende politikk har gitt deg en kompetanse som er ettertraktet i arbeidsmarkedet?

Politikk er nyttig uansett kva du vil jobbe med. Sampol gjev eit solid fundament av forståelse og kunnskap om heilt vesentlege ting. Eg har opplevd at det er eit utmerka utgangspunkt å bygge videre på – ved å reise på utveksling, tileigne deg spisskompetanse på t.d. kommunikasjons, osv.
CARF arbeider mykje med næringslivsektoren, og kompetansen eg har frå sampol på analyse er viktig i møte med dette arbeidet. Eg har moglegheit til å systematisere informasjon og gje eit oversiktlig bilde.

I tillegg har sampol gåve meg ein uvurderlig kompetanse i møte med andre statar og deira kultur. Som utåtretta studium, med moglegheiter for utveksling og emner som tek føre seg statar og nasjonar langt vekke frå Noreg, gjev sampol moglegheit for å få forståelse for andre kulturar og samfunn. Når eg som tilsett i CARF har med brasilianske aktørar å gjere, er denne forståelsen viktig.

 

Hva vil du anbefale til studenter som ønsker en tilsvarende jobb? 


Ikkje ver redd for å gå din eigen veg for å utforske moglegheiter. Det finnes mange veger til målet. Eg må nemne det tradisjonelle men veldig viktige rådet: reis på utveksling! Sjølv reiste eg til Madrid på master og Santiago, Chile på bachelor. Det er mykje godt som kjem med å læra språk, og å velje å reise til land litt utenom allfarveg. Omstilling og tilpassing er gode eigenskapar eg tileigna meg på utveksling – både under utdanninga på UiB i tillegg til reiser og opphald deg hadde utanlands før eg begynte på UiB.

Forutan det, vil eg understreka at det å gjera andre ting ved siden av studie er avgjerande for å skille seg ut i søkarbunken til draumejobben. Karakterar er ikkje alt – men genuint engasjement som syner stor arbeidskapasietet, at ein kan ha fleire prosjekt på ein gong og at ein har brukt tid på eit fagfelt som er relatert til kva ein kanskje seinare kunne tenka seg å jobba med, trur eg er avgjerande for å skille seg ut.

I tillegg til det: skaff deg erfaring med kommunikasjon. Skriv for aviser, engasjer deg i studentmedia eller kringkast deg sjølv. Ha sommarjobb i lokalavis. Journalisterfaring eller kommunikasjonserfaring er nyttig uansett – og kan vere det lille ekstra som gjer at du skillar deg ut som søkar.