Home
Research Group for Climate, Energy and Environmental Law

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Sigrid Eskeland Schütz haldt innlegg når Klima- og miljøminister Espen Barth Eide besøkte UiB

I forbindelse med Klima- og miljøminister Espen Barth Eide sitt besøk i Bergen haldt Sigrid Eskeland Schütz innlegg om betydninga av å designe eit godt rettsleg og økonomisk rammeverk for etablering av ny aktivitet på havet.

Espen Barth Eide med fler er avbildet rundt et bord
Photo:
Asbjørn Leirvåg/UiB

Main content

Den 31. januar 2022 var Klima- og miljøminister Espen Barth Eide på «faglig speeddating» i Bergen, heiter det på Twitter-kontoen til Klima- og miljødepartementet. Eit av besøka gjekk til MatNat på UiB. Føremålet med besøket var å hente innspel frå forskingsmiljøet i samband med den store mengda planarbeid departementet for tida arbeider med. Blant dei som haldt innlegg på møtet var Sigrid Eskeland Schütz. 

I sin presentasjon la Schütz vekt på betydninga av å designe eit godt rettsleg og økonomisk rammeverk for etablering av ny aktivitet på havet. Det kan gjelde aktivitetar som havvindparkar eller karbonlagring under havbotnen. Det rettslege rammeverket styrer om aktiviteten kan starte, og på kva vilkår, men legg også i mange tilfelle premissar for økonomien i slike næringar. Samstundes tek det tid å gjennomføre god juridisk forsking på design av eit rettsleg rammeverk for nye næringar. Dette er vanskeleg å få forståing for, og i mange høve ser vi at forsking på regulering ikkje kjem i gong før teknologien er klar til å rullast ut. Då kan prosessen med å regulere forseinke framdrifta. Forsking på regelutforming bør skje parallelt med forsking på teknologi.

Schütz viste til at det tek tid å forske på regelverksutforming fordi kompleksiteten har auka. Internasjonale og regionale (EU/EØS-rettslege) krav som set rammer for utforminga av nasjonal regulering må analyserast, og forskinga bør byggje på samanlikningar med  erfaringar med regulering frå land med etablert industri, men også samanlikningar med erfaringar frå regulering av relevant nasjonal industri. Samstundes er det i dag større krav til at reglar skal ta omsyn til komplekse samanhengar, som krav til å sikre ei vurdering av verknader på berekraftsmåla, som sikrar økosystembasert forvalting og som sikrar omsyn knytt til sirkulærøkonomi.

Kvaliteten på det rettslege rammeverket kan i sin tur få stor betydning for vidare utvikling av næringa, både om ein får opp ny næring, og med kva fart utviklinga skjer. Der regelverket ikkje er godt fagleg forankra kan ein få forskyving av problem frå næringa over på andre aktørar og naturmiljø, utilsikta fordelingseffektar med ytterlegare marginalisering av forfordelte grupper, og med det folkeleg motstand. Særleg rettslege reglar for sakshandsaming fram mot avgjerder om tildeling av løyve, og openheit og medverknad i slike, er viktige som grunnlag for legitimitet og almen aksept for ny aktivitet. Effektiv, kunnskapsbasert og betre regulering og evaluering av regulering har stått høgt på den politiske agendaen i EU, men har fått mindre merksemd hos oss.