Home
Centre for the Study of the Sciences and the Humanities
Tverrfagleg master i berekraft

Kartlegg diskursane i Fosen-konflikten

Masterstudent i berekraft, Harry Lawford, skreiv masteroppgåve om diskursane i Fosen-konflikten og korleis alternative diskursar om naturvern og urfolksrettar kompliserer det grøne skiftet frå fossil til fornybar energi.

Main content

På dette programmet får ein moglegheita til å utvikle sine eigne faglege interesser samtidig som ein lærer av medstudentar frå ulike fagdisiplinar

Lawford var student i det første kullet til mastergraden i berekraft som starta hausten 2021. Han fullførte graden våren 2023.

Kvifor valde du å søke på mastergraden i berekraft?

Planen min etter ferdig bachelorgrad var eigentleg å fortsette med mastergrad i historie. Då eg såg at det var oppretta eit tverrfagleg masterprogram i berekraft, tok eg ein sjanse og søkte. Eg har lenge hatt eit engasjement for naturvern og tenkte at denne graden ga meg moglegheita til å dyrke dette vidare og samstundes få nytte av historiefaget.

Kva utbytte har du hatt av graden?

Eg har hatt stort utbytte av denne graden. Eg vil særleg trekke fram at eg har blitt introdusert for fagområde som politisk økologi og vitskaps- og teknologistudiar. Dette er fagdisiplinar som eg har fått mykje bruk for i arbeidet med masteroppgåva mi. I tillegg har eg fått mykje ut av å gå på eit studieprogram med ei god blanding av naturvitarar, samfunnsvitarar og humanistar.

Kan du trekke fram eit høgdepunkt med graden/undervisninga?

Høgdepunktet med graden har utan tvil vore arbeidet med masteroppgåva. Eg har fått moglegheita til å sette meg godt inn i ein komplisert konflikt om vindkraft på Fosen-halvøya i Trøndelag, noko som har vore både lærerikt og spanande. Det er utfordrande å arbeide med ei sak som er så aktuell, men eg  har fått god hjelp frå dyktige rettleiarar.

Kan du fortelle litt om masteroppgåva du skriv?

I masteroppgåva mi skriv eg om landbasert vindkraft, natur og menneskerettar, med eit særleg fokus på konflikten om Storheia og Roan vindpark på Fosen i Trøndelag. Målet med oppgåva er å kartlegge dei ulike diskursane i konflikten og sjå korleis alternative diskursar om naturvern og urfolksrettar kompliserer det grøne skiftet frå fossil til fornybar energi. I oppgåva har eg nytta ei blanding av intervju med sentrale aktørar og dokumentanalyse av offentlege saksdokument.

Kvifor vil du råde andre til å ta mastergrad i berekraft?

Det beste med masterprogrammet i berekraft er, etter mi meining, at ein i stor grad får styre det faglege innhaldet etter eigne interesser og eigen fagleg bakgrunn. Det er 30 studiepoeng med sjølvvalte fag og stor fridom i val av tema for masteroppgåve. Programmet har folk frå mange ulike bakgrunnar, så masterprosjekta er veldig varierte. Nokre skriv meir naturfaglege oppgåver og andre skriv meir samfunnsvitskaplege oppgåver. På dette programmet får ein moglegheita til å utvikle sine eigne faglege interesser samtidig som ein lærer av medstudentar frå ulike fagdisiplinar.