Home
University Museum of Bergen

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Valg på 1300-tallet

Kvinners stemmerett for 700 år sidan

8. september gjekk kvinner og menn til stemmeurnene i samband med Stortingsvalet 2025. Frå 1913 av har også alle kvinner kunna leggja si stemme i urnene. Men me må over 700 år tilbake i tid, og til Nonneseter kloster i Bergen, for å finna ein tidleg omtale av kvinner med stemmerett i Noreg.

Nonneseter, Bergen
Den framleis bevarte 900 år gamle tårnfoten frå Nonneseter klosterkyrkje, Bergen. I alle dei om lag 330 åra nonneklosteret eksisterte, kunne kvinnene der gjeva sine stemmer. Foto: Alf Tore Hommedal.
Photo:
Alf Tore Hommedal, Universitetsmuseet i Bergen

Main content

Nonneseter kloster, ved noverande Nonneseter bybanestopp, var i 1320-åra alt ein ærverdig kvinneinstitusjon på om lag 200 år. Klosteranlegget stod truleg fullt utbygd, med nonnene sin bustad- og arbeidsdel der Bergen Storsenter ligg i dag. Klosterkyrkja, der nonnene levde sitt daglege, liturgiske bøneliv, ser me framleis bevarte delar av i form av dagens to kvitkalka steinbygningar, Nonneseter tårnfot og Nonneseter kapell. Sjølv om klosteret den gongen låg utanfor tettbusetnaden i Bergen, var kvinnene i klosteret og miljøet rundt dei ein viktig og integrert del av mellomalderbyen Bergen.

Eit vanskeleg val: Gudrid Justina eller Joron Constantia?

I september 1320 skulle dei 35 nonnene i Nonneseter gå til val av ny abbedisse etter at den gamle abbedissa, Brynhild Katharina, hadde trekt seg tilbake i juni same året. For oss var det heldig at der vart usemje og fraksjonsverksemd ved valet. For det gjorde at biskop Audfinn i Bergen, ved vurderinga av valet, førte på pergament ei utførleg skildring av valprosessen og tankegangen ved valet, heile prosessen overlevert til oss gjennom fleire bevarte dokument. Den biskoplege konklusjonen vart at valprosessen var ugyldig gjennomført. Ut frå tankane som vart presenterte i dokumenta, kan me likevel godt skjøna når det blir hevda at vår tids demokratiske valprosessar byggjer vidare på kyrkjeinstitusjonars valsystem i mellomalderen.

Ved valet av Brynhild Katharinas arvtakar kunne nonnene med stemmerett slett ikkje bli samde. Dagen før valet hadde der vorte halde eit fraksjonsmøte som resulterte i at 17 nonner ved valet stemte på Gudrid Justina. Men samtidig hadde fleirtalet – til saman 18 nonner – ikkje stemt på Gudrid. 16 av dei hadde stemt på Joron Constantia, medan Joron sjølv hadde gjeve si stemme til ein tredje kandidat, nemleg Margareta. Dessutan hadde ei nonne, Klara, forlate valsamlinga utan å vilja stemme – tydelegvis i full frustrasjon. Gudrid Justina hadde altså eit fleirtal av stemmer bak seg, men ikkje eit fleirtal av nonner med stemmerett. Dessutan hadde dei som støtta Gudrid ikkje innan tidsfristen bede henne om å godta valet og meldt frå til biskopen om dette. Dei som støtta Joron hadde derimot gjennomført denne formaliteten. På denne bakgrunnen erklærte biskopen valet for ugyldig.

Ankeinstansen avgjer: Joron Constantia!

Biskop Audfinn underkjente valresultatet allereie 18. september, med tilvisingar til passasjar i kanonisk rett (kyrkjeretten) om abbedisseval. Det må i praksis ha synt seg vanskeleg å finna ein kandidat som nonnene kunne samla seg om, og dei ba til slutt biskopen om å ta hand om utnemninga. Tre månader etter det misslukka valet, den 19. desember, skreiv biskopen så kallsbrevet og utnemnde Joron Constantia til ny abbedisse, noko nonnene også godtok. Heile prosessen rundt abbedissevalet i 1320 tok såleis om lag eit halvt år, frå juni til desember. Truleg alt få dagar etter utnemninga, og nok før jul, vart den nye abbedissa innsett under ei messe. Kannikane sira Salve og sira Simon frå presteskapet ved domkyrkja, altså den no forsvunne Kristkyrkja på dagens Bergenhus, representerte biskopen ved innsettinga. Under messa i klosterkyrkja førte dei to kannikane, på biskopens vegne, Joron Constantia høgtideleg frå den gamle plassen hennar i nonnekoret og til abbedissa sitt sete. Der må ho ha fått overrekt symbola på den nye rangen, autoriteten og omsorgsplikta hennar, mellom anna abbedissa sin hyrdestav.

Nonnene tek valet: Ingeborg Cecilia

I 1326 var det igjen abbedisseval i Nonneseter. Denne gongen gjekk det betre, og nonnene gjennomførte valet på gyldig måte. Biskop Audfinn kunne dermed berre stadfesta at Ingeborg Cecilia av nonnene var valt som Joron Constantias arvtakar. I klosterkyrkja kunne innsetjingsritualet gjenta seg og igjen med sira Salve og sira Simon som utsendingar frå biskopen. Den demokratiske prosessen hadde fungert, også i Nonneseter kloster!

 

Kjelder og litteratur

Diplomatarium Norvegicum (DN), I-XXIII. Christiania 1849 – Oslo 2011:   DN I, no. 162; DN I, no. 185; DN III, no. 119.

Christian C.A. Lange: De norske Klostres Historie i Middelalderen. Christiania 1856.