Home
Department of Comparative Politics
Reisebrev frå Nairobi

Reisebrev frå Nairobi

Hausten 2025 var eg i praksis hos Norec i Førde. Norec (The Norwegian Agency for Exchange Cooperation) er eit norsk kompetansesenter, for utvekslingssamarbeid, administrativt underlagt Utanriksdepartementet.

Main content

Kursreisa, og tida i Norec, har gjort meg enda sikrare på at Samanliknande politikk var heilt riktig studieval for meg

Ein av oppgåvene til Norec er å gi tilskot til 
arbeidsutveksling mellom samarbeidspartnarar i Norge, og land i Afrika, Asia og LatinAmerika. Målet er å fremje berekraftig utvikling gjennom arbeidsutveksling, bidra til 


gjensidig kunnskapsutbytte mellom land og ordninga gir unge fagpersonar høve til å få 
internasjonal erfaring. Alle som skal på arbeidsutveksling vert kursa både før og etter, og 
formålet er å gjere deltakarane i stand til å oppnå best mogleg utbytte frå arbeidsutvekslinga. 
I starten av desember var eg med Norec til Nairobi, for å halde kurs for deltakarar på veg 
heim frå arbeidsutveksling. Dette var deltakarar frå blant anna Uganda, Tanzania, Kenya, 
Norge, Malawi og Sør-Afrika. 


Kursveka i Kenya var utruleg lærerik, givande og litt hektisk. Under kurset fekk eg fasilitere
eigne modular, blant anna ein om stereotypiar og fordommar. Ei anna oppgåve eg hadde i
løpet av kursveka var å ha samtaler med deltakarane i kvart prosjekt om korleis
utvekslingsopphaldet hadde opplevast, og kva kvar enkeltperson hadde lært medan dei var på 
utveksling. Under desse samtalane fekk eg ikkje berre ei djupare innsikt i kor meiningsfullt
Norec sitt arbeid er for utvekslingsdeltakarane, men også reflektert over kva endringar 
tilskotet kan føre til på samfunnsnivå over tid. 


Etter å ha deltatt på eit av kursa til Norec, sit eg igjen med ei djupare forståing av omfanget og 
betydninga av arbeidet dei gjer. I ei tid der mykje i verdsbiletet ser ut til å utvikle seg i feil 
retning, var det særleg inspirerande å møte så mange unge menneske som er engasjerte og 
motiverte for å bidra til positiv endring.


Kursreisa, og tida i Norec, har gjort meg enda sikrare på at Samanliknande politikk var heilt
riktig studieval for meg.