Home
Estate and Facilities Management division

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Vi er der når det trengst

Main content

_ Det finst ingen problem, berre mange utfordringar. Det er mottoet til Robert Karol Janiak. Han har vore fast driftsoperatør ved EIA sidan 2013. Før den tid var han vikar gjennom Adecco i to år på same stad. Janiak, som opphavleg kjem frå Polen, er stasjonert i område 2 som har ansvar for 34 hus mellom Parkveien og Lars Hilles gate.

Driftsoperatørane er vårt tids vaktmeistrar. Alle på laget er medansvarlege for alle hus. Kvar morgon går dei regelmessige rundar for å sjekka tekniske anlegg. Dei held oppsyn med avanserte dataanlegg, symjebassenget på Studentsenteret og med alt av varme-, kjøle- og ventilasjonsanlegg.

_Vi er heile tida i farten for å utføra mindre reparasjonar, og vi er rådgjevarar for eksterne handverkarar som skal gjera større arbeid. Når brukarar har eit problem, er vi på plass og prøver helst å gjera meir enn det vi er bedne om. Helst skal vi også i god tid oppdaga det som kan koma til å bli eit problem, seier Janiak.

I denne jobben er det viktig å ha teknisk forståing og vilje til å læra noko nytt heile tida, meiner han, i tillegg til at ein bør lika å vera der det skjer noko. Driftspersonalet er ofte på kurs for å halda seg oppdatert på teknologisk utvikling. Janiak som hadde erfaring med byggteknologi frå Polen, skal no ta fagbrev som byggdriftar. Det betyr eit år på skulebenken med UIB som sponsor.

To år som dagleg leiar av eit symjebasseng i Polen gjorde han spesielt interessert i alt som har med vatn å gjera. Difor likar han spesielt godt å ta seg av utfordingar som dukkar opp rundt bassenget i Studentsenteret.