Home
Estate and Facilities Management division

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Main content

Den som skal vera prosjektleiar på EIA må lika å ha mange ballar i lufta samstundes, og ikkje vera typen som lett let seg stressa opp, seier Kristina Kvareng (33). Ho kom frå IKEA til UiB i september 2014. Der handla jobben hennar om å laga effektive varehus, ho var med på planlegginga blant anna  IKEA i Åsane. Her er målet å skapa smarte og inspirerande arbeidsplassar for studentar og tilsette.

Interiørdesignaren er prosjektleiar for interiør ved EIA Prosjekt. _Jobben er allsidig utfordrande. Her innreier vi tannhelseklinikk eine veka, utleigebolig, studentbar, kontor og undervisningslokale neste. Interiørjobben handlar om å laga gode løysingar, velja materialar, fargar og å finna møblar. Oppgåvene er utruleg spennande og inspirerande, eg sit ofte på jobb utover ettermiddagen fordi det er så gøy, seier ho. Spesielt spennande synest ho det er å vera med på å gje form til UiB sine lokaler i den nye mediebyen.

På EIA får eg tillit og mulighet til å vera med på å påverka, og det kjennest godt.  For at interiørløysingane skal bli best mogeleg, er det viktig at vi kjem tidleg inn i planlegginga av dei ulike prosjekta. Vi har krevjande brukarar, mange veit kva dei vil ha. Men samstundes er dei opne for andre løysingar når dei får ei god grunngjeving. Haldningane er likevel ein smule meir konservative ved universitetet enn der Kristina Kvareng har jobba tidlegare. Der var fasttelefon og stasjonær pc framandord. Her er det framleis slik at dei fleste vil unngå kontorlandskap.

Den mangfaldige bygningsmassen ved UIB medverkar til at arbeidsoppgåvene til interiørdesignaren vert varierte. Det eldste huset til universitetet er frå 1789, andre hus er splitter nye, ein tredel av dei ca hundre ulike universitetsbygga er freda. ­_Det gjeld å vera løysingsorientert og å få sakene unna, for heile tida blir det meldt inn nye behov. Somme skulle gjerne hatt arbeidet gjort i går, andre oppdrag utviklar seg litt meir over tid. Det som ofte er mest utfordrande er nettopp tida, ikkje minst lurer vi ofte på om dei bestilte møblane kjem fram tidsnok. Men som regel går det bra, seier Kristina Kvareng.