Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
Lokal HMS-handbok

Helse, miljø og sikkerheit ved LLE

Her finn du nyttig informasjon om HMS ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

Hovedinnhold

HMS-handboka gjeld primært for tilsette ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Informasjonen er også relevant for studentar, gjestar og mellombels tilsette.

Punkta under tar utgangspunkt i Regelsamling Del 3 Personal og HMSHMS-plan for LLE 2021-2022, og gir lokal HMS-informasjon i tråd med UiB sine overordna HMS-mål. Informasjonen og HMS-planen skal bidra til at instituttet legg til rette for gode arbeidsfellesskap, trygge og funksjonelle arbeidsplassar, og god sikkerheitskultur og beredskap.

Ansvar og oppgåvefordeling innan HMS

Det er instituttleiar og administrasjonssjef ved LLE som har det overordna ansvaret for helse, miljø og sikkerheit. Alle ved instituttet har ei rolle og eit ansvar for aktiv medverknad i arbeidsmiljøet. 

Verneomboda skal ta vare på dei tilsette sine interesser i arbeidsmiljøsaker. Verneomboda har ein tilsynsfunksjon og er samarbeidspartnarar for leiinga.

Her kan du lesa meir om korleis verneomboda ved UiB er organiserte, og om verneomboda sine oppgåver.

Brannvern og beredskap ved LLE

Beredskap

I ein beredskapssituasjon har instituttleiar det øvste ansvaret, dernest administrasjonssjef. 

Sjå informasjon om beredskap ved Det humanistiske fakultet.

Brann

Rømmingsvegane i HF-bygget ser du med grøne skilt i taket. Bruk baktrappa i HF-bygget om vanleg trapp er stengd. 4. et.: midt imot rom 423. Det er kortlesarlås i enden av baktrappa. Ved naudsfall trykker ein på den grøne panikkbrytaren. 

Naudutgangar i S-blokk (dørene her er kopla til brannalarmen):

  • 3. et. : gjennom rom 364
  • 2. et. : gjennom rom 284

Brukarrepresentantane har ansvar for å koordinere brannvernet før, under og etter evakuering (alarm).

Alle bør kjenne til instruksar om brannvern og brannsikkerheit ved UiB.

Sjukefråvær, permisjon, ferie og anna fråvær

Er du som tilsett borte frå arbeid på grunn av sjukdom/sjukt barn/skade, meld snarast frå på e-post: post@lle.uib.no (vitskapleg tilsette) eller adm-lle@uib.no (administrativt tilsette), eller tlf. 55 58 24 00. Om du har undervisning som må avlysast/utsetjast, må du gi studentane beskjed via Mitt UiB, og med oppslag på undervisningsrommet. Ekspedisjonen/studiekonsulent kan hjelpe her.

Hugs fråværsmelding i Outlook og lapp på kontordøra ved planlagt fråvær. Administrativ tilsette skal avtala planlagt fråvær på førehand med adm.-sjef/studieleiar. 

Arbeidstid og fråvær, som sjukefråvær, ferie og permisjon, skal registrerast i sjølvbeteningsportalen eller DFØ-appen. Sjå instruks og meir informasjon om tid og fråvær her.

Her finn du ei oversikt over dei ulike typane fråvær og kven som kan bruke dei.

Jul og nyttår

Etter avtale med leiar kan administrativt og teknisk tilsette ved UiB ta fri julafta og nyttårsafta, samt ein dag i romjula.

Fysisk og mental helse

Studentsamskipnaden Sammen har fleire helsetilbod til studentar, mellom anna lege- og tannlegetilbod, psykologar og rådgivarar, og kurstilbod innan studiemeistring og eksamensangst.

Trening

Trening er viktig for både fysisk og mental helse. Fysisk aktivitet fremmar god helse, gir betre humør og søvn, meir energi, og reduserer stress. Studentar og tilsette ved UiB kan få rimelegare medlemskap ved treningssentera til Sammen. Sammen har også kurs og rådgiving innan fleire treningsformer og kosthald, og tilbod om personleg trening. 

Universitetet i Bergen har ei rekke tilbod for tilsette som vil trene før eller etter arbeidstid.

Sunne og trygge arbeidsforhold med god psykisk helse

Bedriftshelsetenesta skal hjelpe med å skapa sunne og trygge arbeidsforhold. Alle tilsette ved UiB, og tilknytta ph.d.-kandidatar, kan ta kontakt med bedriftshelsetenesta

UiB har også eigne informasjonssider med

Bedriftshelsetenesta ved UiB kan tilby eit breitt spekter av kurs, webinar og workshops innan arbeidsmiljø og arbeidshelse.

Her kan du lesa føredrag om tankar og kjensler i arbeidslivet, frå bedriftshelsetenesta.

Tips!

Lange arbeidsdagar med lite bevegelse? Treng du litt "tøy og bøy"? Hugs å røre litt på deg ved stillesittande eller gjentakande arbeid. Kvart 30. til 60. minutt, bør du ta ei pause på 30-60 sekundar, med litt rørsle. Du kan t.d. prøve desse kjappe øvingane.  

Arbeidsplassen og databriller

Arbeid ved dataskjerm set store krav til auga fordi ein ofte har kort synsavstand og eit lite synsfelt. Synsproblem eller synsforstyrringar kan ha fleire årsaker, men det første ein bør gjera, er tilrettelegging av arbeidsplassen med tanke på lys og ergonomisk utforming.

Ta utgangspunkt i rettleiiaren ”Din dataarbeidsplass” når du skal setta opp arbeidsplassen.

Databriller for tilsette

Om du opplever synsproblem, kan du ha behov for databriller eller vernebriller med styrke. Optikar som har rammeavtale med UiB, må vurdere dette. Her finn du ut korleis du som tilsett går fram for å bestille databriller og søke om refusjon av kostnader.  

Når du ber om refusjon: 

Databriller/terminalbriller skal førast på:
Delprosjektnummer: 100000100 – uspesifisert annuum 
Koststad: 11210000 - LLE
 

Gode arbeidsfellesskap

Kvar veke sender instituttleiar ut nyheitsbrev til alle tilsette på e-post. Her får ein informasjon om fødselsdagar, jubileum, publikasjonar, gjesteforelesingar, møte og seminar ved, eller arrangert av folk tilknytt, instituttet. Alle kan sende relevante nyheiter til anders.fagerjord@uib.no. Merk e-posten "ukeslutt". 

Kvar siste fredag i månaden har vi instituttlunsj kor alle tilsette er velkomne. Her feirar vi mellom anna jubileum, fødselsdagar og publikasjonar, og får korte føredrag og introduksjonar til nye tilsette. 

Her finn du oversikt over fagsidene med kontaktinformasjon til alle dei tilsette ved instituttet.

HMS-plan 21/22 og føredraget "Tanker og følelser i arbeidslivet"