Hjem
UiB Bærekraft
Arrangement

Gratis sykkelverkstad ved Studentsenteret

UiB og Miljøløftet inviterer 8. mai til sykkelverkstad utanfor Studentsenteret. Den årlege sykkeldagen ved UiB er ein del av aktivitetskampanjen Sykle til jobben - som tilsette og studentar ved UiB kan melde seg på gratis.

Sykkelverksted
For femte år på rad inviterer UiB og Miljøløftet til gratis sykkelservice utanfor Studentsenteret på den årlege sykkeldagen ved UiB.
Foto/ill.:
Ole M. Kvamme, UiB

Hovedinnhold

I samarbeid med Bergen Live og Miljøløftet set UiB opp gratis sykkelverkstad ved Studentsenteret, torsdag 8. mai klokka 11-14. Ingen påmelding er nødvendig - ta med sykkelen og møt opp!

Når du finn sykkelen fram igjen etter vinteren kan det vere behov for å justere bremser og gir, eller kanskje treng kjedet smøring? Både studentar og tilsette kan møte utanfor Studentsenteret - og få gratis hjelp av proffe sykkelreparatørar. Tilbodet gjeld enkel service, ikkje større reparasjonar. 

- Erfaringsmessig er det mange syklar som har behov for litt ekstra kjærleik etter vinteren. Det er ikkje alle som har tilgang til utstyr for å vedlikeholde sykkelen sin, så derfor set vi pris på at Miljøløftet nok en gang stiller med gratis sykkelservice på den årlege sykkeldagen utanfor Studentsenteret.

Samarbeidet har vore ein årleg tradisjon sidan UiB vart det første universitetet i landet som vart sertifisert som eit sykkelvenleg universitet i 2021.

Med nær 20.000 studentar og 4000 tilsette, vil tiltak som fremmar miljøvenlege reiser til jobb og studier vere viktige tiltak i klimaarbeidet.

- I tråd med universitetet sin heilskaplege satsing på klima- og miljø, har vi over lengre tid jobba med å utbetre sykkelinfrastrukturen ved UiB. Gratis sykkelservice er eit tilbod som legg til rette for at enda flere vel sykkelen og kan få glede av denne, seier Berven Asbjørnsen. 

Sykle til jobben

Sykkeldagen er også ein del av den nasjonale aktivitetskampanjen Sykle til jobben, som tek til 6. mai. Sykle til jobben er ein lavterskel aktivitet som alle kan delta på, uansett form og utgangspunkt. Ein kan delta individuelt eller på lag - og vere med i trekninga av små og store premiar. Sykle til jobben varer frå 6. mai til 15. juni.

Klimafondet ved UiB støttar påmelding til alle studentar og tilsette ved UiB som melder seg opp på kampanjen.