Hjem
Universitetsmuseet i Bergen
Årbok

Årbok 2022

2022-utgåva av årboka byr på ein variert meny av artiklar som dekkjer eit vidt felt innan kultur- og naturhistorie. Her kan du mellom anna lesa om samarbeidet mellom den italienske naturforskaren Stefano delle Chiaje og Wilhelm Frimann Koren Christie.

Årbok 2022
Foto/ill.:
UM

Hovedinnhold

Bla i Årboken 2022 her >

 

Årbok for Universitetsmuseet er eit av museet sine verktøy i arbeidet med forskingskommunikasjon og formidling, med røter attende til siste del av 1800-talet.

2022-utgåva av årboka byr på ein variert meny av artiklar som dekkjer eit vidt felt innan kultur- og naturhistorie.

Her kan du lesa om samarbeidet mellom den italienske naturforskaren Stefano delle Chiaje og Wilhelm Frimann Koren Christie, og om skjelettet av ein vågekvalen får Sotra som vart send til Napoli i 1846 og som no prydar det det zoologiske i byen,

om Stortingspresidenten som vart naturforskar,

om Jacob Neumann sine metodar,

om korleis ein kan vita noko om fortida,

om steinalder på Hjartøy i Øygarden,

om kulturgeografiske registreringar på Vestlandet,

om mennesketenner i stolsete,

om gullringen frå Strandebarm,

om Heraldikaren sin fortvilelse,

om DNA kartlegging av biologisk mangfald

om å hoppa i havet med hoppekreps

....og om mykje anna.

«Metode» er tittelen på årboka og fellesnemnar for fleire av artiklane. Det går frå den tidlege systematiske observasjonen og refleksjonen som kjenneteiknar forskinga til museumsgründerane Jacob Neumann og W.F.K. Christie, til den meir dagsaktuelle naturvitskaplege forskinga om nye metodar for datering av geologiske formasjonar og om DNA-kartlegging av biologisk mangfald.