Hjem

Samanliknande politikk, bachelor, 3 år

Samanliknande politikk er eit statsvitskapleg fag som gir deg innsikt i politiske system i andre land og deira politiske historie. Studiet har ein sterk kultur for utveksling og eit unikt tilbod om praksis i ei bedrift som del av studieløpet.
  • Lengde3 År
  • Ordinær43,1
  • Primær42,9
  • Plassar111
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du?  

På bachelorprogrammet i samanliknande politikk (Sampol) lærer du om skilnadene i politiske system og institusjonar, og om korleis politisk åtferd blant borgarane varierer etter kva politisk kultur dei lever i. Gjennom samanlikning lærer du å forstå, forklare og analysere desse variasjonane både innanfor enkeltland og mellom land.  

Studieprogrammet legg sterk vekt på kunnskap i kvalitative og kvantitative forskingsmetodar for å forstå og analysere politikk vitskapleg. I studia får du opplæring i statistikkprogrammet R og ei innføring i koding i R.  

Samanliknande politikk tilbyr arbeidslivspraksispraksis i ei bedrift som del av studieløpet. Dette gir deg anledning til å bruke kunnskapen du får under studiet, samtidig som du får arbeidserfaring og nettverk gjennom studia.   

Ein bachelorgrad i samanliknande politikk gir deg kunnskap om  

  • stats- og nasjonsbyggingsprosessar i ulike land 
  • politiske system og institusjonar, politisk historie og utvikling i ei rekke land 
  • samspelet mellom stat, politiske parti og interessegrupper, og ulike former for politisk deltaking og mobilisering.

Full liste med læringsutbytte

Studiekvardag

På Sampol blir du ein del av eit godt studentmiljø. Studiet har eit aktivt fagutval som sikrar godt samhald mellom studentane, og som jobbar tett med instituttet for å fremme eit godt læringsmiljø.  

Møt studentane på samanliknande politikk 

Bachelorprogrammet er eit fulltidsstudium der du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, praktiske øvingar og oppgåveskriving, kan ei typisk veke ha 6-12 timar med undervisning i form av forelesingar og seminargrupper. Det er nokre obligatoriske arbeidskrav dei første tre semestera av studiet, i form av obligatorisk oppmøte og innlevering av oppgåver. Skriving av ei bacheloroppgåve høyrer også til studiet. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.  

Som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet vil du halde til på campus på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Lesesalplassar er tilgjengelege i Ulrike Pihls hus og biblioteket ved SV-fakultetet.

Meir informasjon under

Samanliknande politikk, bachelor, UiB

Produsent:
UiB

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.  

Kva kan du jobbe som?  

Ein bachelorgrad i samanliknande politikk gir deg eit sterkt og breitt kunnskapsfundament  og verktøya til å gjennomføre vitskaplege analysar som kvalifiserer deg for mange ulike jobbar. Våre kandidatar er òg kjent for å ha gode metodekunnskapar, noko som er etterspurt av arbeidsgjevarar. 

Våre tidlegare studentar arbeider blant anna som:  

  • analytikarar i næringslivet og nasjonale og internasjonale organisasjonar 
  • administrativt tilsette i kommunar, fylkeskommunar og stat 
  • politiske rådgjevarar 
  • aspirantar i Utanriksdepartementet  
  • Rådgjevarar i departement og direktorat 
  • kommunikasjonsmedarbeidarar og journalistar 
  • forskararog undervisarar 

Opptakskrav og søknadsfrist  

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfrist er 15. april.  

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i samanliknande politikk er eit treårig fulltidsstudium som startar i august. Det vert lagt vekt på stor valfridom i studieprogrammet, med gode moglegheiter til utveksling og praksis gjennom studieløpet. 

Anbefalt studieforløp: 

1. semester

  • EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum – seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS skuleeksamen (10 studiepoeng)  
  • SAMPOL103 Innføring i politiske ideologiar (10 studiepoeng) 
  • SAMPOL105 Stats- og nasjonsbygging (10 studiepoeng) 

 2. semester

  • SAMPOL106 Politiske institusjonar i etablerte demokrati (10 studiepoeng) 
  • SAMPOL107 Politisk mobilisering (10 studiepoeng) 
  • MET103 Kvalitative metodar (10 studiepoeng) 

 3. semester

  • SAMPOL116 Democracy and Democratization (10 studiepoeng) 
  • MET104 Kvantitative metodar (10 studiepoeng)
  • Eit valfritt emne. Anbefalt er SAMPOL-emne på 200-nivå (10 studiepoeng)

4. semester

  • Valfrie emne, utveksling eller praksisemne (30 studiepoeng) 

 5. semester

  • Valfrie emne, utveksling eller praksisemne (30 studiepoeng) 

 6. semester 

  • SAMPOL260 Bacheloroppgåve i samanliknande politikk (10 studiepoeng) 
  • To av SAMPOL spesialiseringsemne på 200-nivå (20 studiepoeng)  

Spesialiseringa utgjer 100 studiepoeng med emne (fag) innan samanliknande politikk, og du vel 20 av desse studiepoenga fritt blant dei mange spesialiseringsemna som faget tilbyr.  

70 av studiepoenga er såkalla frie studiepoeng. Her kan du velje emne ut frå interesse og relevans for vidare utdanning eller yrkesplanar For eksempel kan du bruke frie studiepoeng til å gå ut i praksis, velje opne UIB-emne eller reise på utveksling.  

Sjå oversikt over alle emne

Tatt opp på bachelorprogrammet før 2024? Sjå oppbygging her.

Utveksling  

Å reise på utveksling gir deg nye perspektiv, moglegheit til å lære språk, og internasjonal erfaring som vert verdsett av mange arbeidsgjevarar. Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester, og det er anbefalt å reise i fjerde og/eller femte semester. 

Samanliknande politikk har avtalar med mange universitetet rundt om i verda, blant anna med University of North Carolina, Chapel Hill, eit av dei beste universiteta i USA, der instituttet sin utvekslingsavtale sikrar studentane ekstra økonomisk støtte

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter  

 Etter bachelorprogrammet kan du søke deg vidare til desse masterprogramma:  

Spørsmål om studiet?  

Telefon:  +47 55 58 98 50 

E-post:  studierettleiar.svfa@uib.no  

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Les heile studieplanen

Søk her