Hjem
Universitetsbiblioteket

Ofte stilte spørsmål - rettigheitsordninga

Hovedinnhold

Kvifor har UiB innført ei rettigheitsordning?

Dei siste åra har forventningar og krav om open tilgang vorte skjerpa. Finansiørar som NFR og EU, krev no at vitskaplege publikasjonar skal gjerast umiddelbart opent tilgjengelege med ein open lisens.

Gjennom sentrale publiseringsavtalar og finansiell støtte, bidreg UiB til at forskarar kan publisere vitskaplege artiklar med umiddelbar opent tilgang. Desse ordningane dekkjer likevel ikkje alle publiserte artiklar. For å nå målet om open tilgang og kunne etterleve krav frå finansiørar, har UiB vedtatt ei rettigheitsordning. Ordninga sikrar at tilsette og studentar kan gjere ein fagfellevurdert versjon av artiklar umiddelbart opent tilgjengeleg etter publisering med ein open lisens, uavhengig av kva tidsskrift dei vel å publisere i.

Kva er UiBs rettigheitsordning?

UiB har innført ei rettigheitsordning som gjev institusjonen ein ikkje-eksklusiv rett til å gjere vitskaplege artiklar forfatta av tilsette og studentar ved UiB, opent tilgjengelege med ein Creative Commons-lisens. Denne retten går forut for dei avtalar som forfattar seinare måtte inngå med utgjevar.

Kva publikasjonar inngår i rettigheitsordninga?

Ordninga inkluderer førebels berre vitskaplege artiklar og ikkje bøker, bokkapittel eller andre typar publikasjonar.

Korleis gjer eg ein artikkel opent tilgjengeleg under rettigheitsordninga?

Du må laste opp artikkelen i Cristin. Det er forfattars aksepterte versjon av artikkelen som skal lastast opp og som kan gjerast opent tilgjengeleg under rettigheitsordninga.  

Artiklar som vert lasta opp i Cristin vert automatisk overført til UiBs opne arkiv BORA, og gjort opent tilgjengelege i tråd med gjeldande rettar.

Kva versjon av vitskaplege artiklar vert gjort opent tilgjengeleg under rettigheitsordninga?

Det er forfattars aksepterte manuskript som vert gjort tilgjengeleg under rettigheitsordninga. Den aksepterte versjonen av ein artikkel (AAM, også kalla postprint) er den siste versjonen forfattar sender til tidsskriftet etter at fagfellevurdering er gjennomført, men før utgjevars formatering. Den aksepterte versjonen vil innehalde alle revisjonar gjort i løpet av vurderingsprosessen.

Den publiserte versjonen av artikkelen vert berre gjort tilgjengeleg dersom artikkelen er opent publisert med ein Creative Commons-lisens.

Gjeld rettigheitsordninga for artiklar som vert publisert opent?

Retigheitsordninga omfattar alle vitskaplege artiklar, men om artikkelen er publisert opent med ein Creative Commons-lisens, vil målet om umiddelbar open tilgang vere oppnådd. Du må framleis laste opp artikkelen i Cristin og den publiserte versjonen vil verte gjort tilgjengeleg i BORA med den lisensen han er publisert under.

Nokre artiklar som vert publiser opent vert tilgjengeleggjort med ein utgjevarlisens eller utan lisensinformasjon. For desse artiklane tilrår me at forfattars aksepterte versjon vert lasta opp i Cristin slik at han kan tilgjengeleggjerast i BORA med ein CC BY-lisens.

Gjeld rettigheitsordninga for artiklar som vart sendt inn før rettigheitsordninga vart vedtatt?

Nei, rettigheitsordninga gjeld berre for artiklar som er sendt inn etter 01.12.2022.

Gjeld rettigheitsordninga også for artiklar med medforfattarar frå andre institusjonar?

Ja, ordninga gjeld for alle artiklar der tilsette og studentar frå UiB er (med-)forfattarar. Du må informere dine medforfattarar om at UiB har rett til å gjere artikkelen umiddelbart opent tilgjengeleg med ein Creative Commons-lisens, som standard CC BY. Dersom medforfattarar motset seg dette, kan du be om fritak frå ordninga eller be om at ein anna lisens vert brukt ved tilgjengeleggjering.

Korleis kan eg be om fritak frå ordninga?

Du kan be om fritak frå at enkeltartiklar vert gjort umiddelbart opent tilgjengelege med ein Creative Commons-lisens, ved å fylle ut skjemaet for fritak. Førespurnaden må sendast inn før artikkelen vert lasta opp i Cristin.

Merk at det ikkje er mogleg å reservere seg mot opplasting av artiklar i Cristin. Dersom du bed om fritak frå rettigheitsordninga vil forfattars aksepterte manuskript verte gjort opent tilgjengeleg i BORA i tråd med utgjevars retningslinjer.

For artiklar som er resultat av eksternfinansierte prosjekt frå til dømes NFR og EU, så er det krav om umiddelbar open tilgang under ein CC BY-lisens (som standard). Fritak kan då medføre at artiklar ikkje oppfyller finansiørane sine krav.

Kan eg velje kva Creative Commons-lisens som ein artikkel vert opent tilgjengeleg under?

Ja, sjølv om standardlisensen er CC BY, står du fritt til å velje ein annan lisens ved å nytte skjemaet for fritak.

Dersom artikkelen er opent publisert med ein Creative Commons-lisens, vert den publiserte versjonen gjort tilgjengeleg i BORA med lisensen han er publisert under.

Les meir om Creative Commons-lisensar.

Må eg informere utgjevar om rettigheitsordninga ved innsending av eit manuskript?

Prinsippa i rettigheitsordninga er publisert på UiBs nettsider og UiB reknar med dette utgjevarar for å vere orientert. Du treng såleis ikkje å informere om rettigheitsordninga ved innsending av manuskript.

Kva gjer eg om eit tidsskrift nektar å publisere artikkelen min på bakgrunn av UiBs rettigheitsordning?

Du kan be om fritak frå rettigheitsordninga for den aktuelle artikkelen. Du kan også avklare med tidsskriftet om det er mogleg å gjere artikkelen opent tilgjengeleg etter ein embargoperiode og utan Creative Commons-lisens eller med ein annan Creative Commons-lisens enn CC BY.

Dei fleste tidsskrift har retningslinjer for tilgjengeleggjering av forfattars aksepterte manuskript. Dersom forfattar bed om fritak frå rettigheitsordninga er det disse retningslinjene som avgjer når det aksepterte manuskriptet vert tilgjengeleggjort.

Kva er følgjene om eg signerer ein publiseringsavtale som er i strid med UiBs føregåande rettar?

Sjølv om forlaget krev at du signerer ein publiseringsavtale som overdrar opphavsretten til artikkelen til forlaget, så vil UiBs rett til open tilgjengeleggjering gå forut for denne avtalen. Ved ein eventuell tvist, ta kontakt med bora@uib.no

Kva skal eg gjere om artikkelen min inneheld tredjepartsmateriale?

Dersom artikkelen inneheld materiale som du ikkje har opphavsretten til, som til dømes figurar, bilete eller liknande, må du anten

  1. Innhente løyve til å gjere materialet tilgjengeleg under ein CC BY-lisens.
  2. Tydeleg markere i manuskriptet kva rettar som gjeld for materialet og at CC BY-lisensen ikkje gjeld dette materialet.
  3. Tilgjengeleggjere manuskriptet utan tredjepartsmaterialet ved å fjerne det frå manuskriptet før opplasting i Cristin.
  4. Be om at artikkelen vert gjort tilgjengeleg med ein annan CC-lisens, eller utan CC-lisens. Dette kan gjerast i skjemaet for fritak.