- Introduksjon
- Studievegar
- Oppbygging
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Opptak
- Kontakt
- Studieplan
- Studieløp
Introduksjon
Kva avgjer om ein asylsøkar får opphaldsløyve? Kva skal til for at ein organisasjon blir definert som terrorgruppe? Når er samfunnsstraff eit alternativ til fengsel?
Kvar einaste dag dukkar det opp rettslege spørsmål i samfunnsdebatten. Det kan dreie seg om menneskerettar, straff, skattereglar, miljø og IT. Dette er spørsmål som engasjerer dei fleste, og som juristar jobbar med.
Det er vanskeleg å tenkje seg eit velfungerande samfunn utan rettsreglar. Retten slår fast korleis borgarane skal opptre i ulike samanhengar, noko som heng nært saman med politikk og moral. Her er juristane viktige aktørar.
Noko av det viktigaste du lærer på studiet er å tolke og bruke rettskjeldene på rett måte for å nå fram til haldbare resultat. I juridiske tvilstilfelle finst det ikkje alltid fasitsvar. Her må ein ofte byggje på verdiar i samfunnet og rettskulturen for å finne ei best mogleg løysing. Du lærer å løyse konkrete rettsproblem og blir i stand til å argumentere og leggje fram ei sak på ein god og overtydande måte.
Studievegar
Master
Det integrerte masterprogrammet i rettsvitskap er eit femårig studium. Alle studentane tek i utgangspunktet dei same emna i same rekkjefølgje. Det eine emnet bygger på det andre, og du får ein jamn progresjon gjennom heile studiet. Studiet byggjer på problembasert læring. Du lærer å jobbe sjølvstendig og i grupper. Studiekvardagen består av alt frå forelesingar og seminar, innlevering av oppgåver, kollokvium og sjølvstudium til eksamenar. Store delar av studiet krev obligatorisk deltaking frå studentane.
Forsking
Det juridiske fakultet har forskingskompetanse innanfor alle sentrale juridiske emne. Fagmiljøet innanfor strafferett og straffeprosess er blant dei leiande i Norden og jobbar aktivt med å vidareutvikle kompetanseutveksling mellom forskingsmiljøet og institusjonar knytte til politi, påtalemakt og domstolar. Fakultetet har òg eit sterkt fagmiljø innan konkurranse- og marknadsrett som særleg jobbar med utvikling av EU- og EØS-rettsleg kompetanse. Formuerett er eit anna satsingsområde ved fakultetet. Demokrati og rettsstat er eit tverrfagleg forskingsområde ved UiB der Det juridiske fakultet er sterkt involvert.
Visste du at ...
Dersom forsvararen under ei etterforsking blir kjent med opplysningar som kan skade klienten, har han ikkje plikt til å legge desse fram for påtalemyndigheita eller retten. Utan klienten sitt samtykke har han heller ikkje moglegheit til dette.
Oppbygging
Studiet byggjer på problembasert læring. Dei to første åra er studentane delte inn i arbeidsgrupper som møtest kvar veke for å løyse ei gitt oppgåve. Kvar student skal skrive eit sjølvstendig svar som dei får tilbakemeldingar på.
I fjerde eller femte studieåret kan ein velje emne etter eigne interesser. Ein skal òg skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling. I løpet av denne perioden har studentane høve til å reise på studieopphald i utlandet.
Det første semesteret går ex.phil. og ex.fac. parallelt fram til oktober/november. Vi gjer merksam på at studentar som har examen philosophicum og examen facultatum frå før, berre får 10 studiepoeng i haustsemesteret. Emnet i forvaltingsrett I byrjar i månadsskiftet oktober/november og endar med eksamen i januar.
Utveksling
Det finst mange alternativ for deg som ønskjer å studere eit semester eller to ved eit universitet i utlandet. På det integrerte masterprogrammet i rettsvitskap kan du reise på utveksling i det fjerde eller femte studieåret. I løpet av studieopphaldet kan du ta valfrie emne eller skrive masteroppgåve.
Vi har valt ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for våre studentar, og vi har mange utvekslingsavtaler som du kan dra nytte av. Meir enn 1/3 av studentane ved jusstudiet reiser på utveksling.
Kva med å studere EU-rett i Brüssel, miljørett på Auckland eller i Reykjavik, opphavsrett i Paris, menneskerettar i Lancaster eller konfliktløysing i Hamline, USA? Du kan velje mellom rundt 100 universitet i heile Europa og dessutan i Kina, Sør-Afrika, Australia, New Zealand og USA.
Yrkesvegar
Få utdanningar fører fram til jobb i så mange ulike bransjar som juristutdanninga. Vi finn juristar overalt i arbeidslivet og det vil alltid vere stor etterspørsel etter dei med juridisk utdanning.
Medan fleire juristar går inn i næringslivet, for eksempel innan bank, forsikring, varehandel, industri eller skipsfart, jobbar andre innanfor offentleg forvalting som i NAV, Skatteetaten og Konkurransetilsynet. Departementa og politiet er populære og viktige arbeidsgivarar for juristar. Andre aktuelle arbeidsplassar er mediebransjen og organisasjonslivet. Du kan dessutan arbeide med forsking og undervisning ved universitet og høgskular.
Du kan òg bli dommar eller gå inn i advokatyrket. Det er berre juristar (advokatar) som har løyve til å drive profesjonell rettshjelp og føre saker for domstolane. For å få tittelen advokat og bevilling til å arbeide som advokat, må du ta eit obligatorisk advokatkurs. Du må òg ha to års godkjent juridisk praksis, vanlegvis som advokatfullmektig, dommarfullmektig eller politifullmektig.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: http://www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til integrert masterprogram i rettsvitskap.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Gode norskkunnskapar er ein fordel, då du som jusstudent heile tida brukar det norske språket aktivt.
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær kvote: 54,5
Førstegangsvitnemål: 50,0
Antall studieplasser
389
Meir infomasjon
Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.jurfa@uib.no
55 58 95 00
Undervisning
Profesjonsstudiet i rettsvitskap byggjer på ein kursmodell.
Dette inneber at alle studentane i utgangspunktet tek dei same faga/kursa i same rekkjefølgje, slik desse blir gjennomførte i det enkelte studieåret. På denne måten byggjer det eine faget på det andre, og det blir jamn progresjon gjennom heile studiet. Prøvinga av studentane skjer på kvart enkelt fag eller kurs. For å få godkjent lukka kurs, må du som hovedregel ha oppfylt krava i studieplanen om å vera til stades på samlingar, levera oppgåver, med meir.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Innføringsemner, Masterstudiet i rettsvitenskap (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXFAC | Juridisk forprøve | 10 | 1 | |||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-JUEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1 | |||||||||
| EXPHIL-JUSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1 | |||||||||
| Første studieår, Masterstudiet i rettsvitenskap (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| JUS111 | Forvaltningsrett I | 10 | 1 | |||||||||
| JUS112 | Arve- og familierett | 12 | 2 | |||||||||
| JUS113 | Kontraktsrett I | 10 | 2 | |||||||||
| JUS114 | Juridisk metode | 8 | 2 | |||||||||
| Andre studieår, Masterstudiet i rettsvitenskap (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| JUS124 | Tingsrett | 13 | 3 | |||||||||
| JUS123 | Forvaltingsrett II | 17 | 4 | |||||||||
| JUS121 | Norske og internasjonale rettslege institusjonar | 17 | 3-4 | 3 | ||||||||
| JUS122 | Skadebot | 13 | 3 | |||||||||
| Tredje studieår. Masterstudiet i rettsvitenskap (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| JUS131 | Kontraktsrett II | 15 | 5 | |||||||||
| JUS132 | Pengekravsrett | 10 | 5 | |||||||||
| JUS133 | Rettskjelde- og metodelære | 10 | 6 | |||||||||
| JUS134 | Rettshistorie og komparativ rett | 10 | 6 | |||||||||
| JUS135 | Rettsstat og menneskerettar | 15 | 5-6 | 5 | ||||||||
| Fjerde studieår. Masterstudiet i rettsvitenskap. (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| JUS241 | Strafferett | 20 | 7 | |||||||||
| JUS242 | Rettargang | 20 | 7 | |||||||||
| JUS243 | Allmenn formuerett | 20 | 8 | |||||||||
| Femte studieår. Masterstudiet i Rettsvitenskap (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| JUSETIKK | Kurs i etikk for jusstudentar | 0 | 7-10 | 10 | ||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utenlandsopphold, 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, 1 år | - | - | ||||||||||
| Masteroppgave. Masterstudiet i rettsvitenskap (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Vel eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| JUS398 | Masteroppgåve | 60 | 7-10 | 10 | ||||||||
| JUS399 | Masteroppgåve | 30 | 7-10 | 10 | ||||||||
| Spesialemner. Masterstudiet i rettsvitenskap (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| JUS329 | Universitetspedagogisk rettleiing | 15 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS330 | Forhandsgodkjent Prosedyrekonkurranse | 15 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS250-2-A | Rett til helsehjelp og sosiale ytingar | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS250-2-B | Autonomi og tvang i helse- og sosialsektoren | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS250-2-C | Human Rights and the Welfare State | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS251-2-A | Arbeidsrett I | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS251-2-B | Arbeidsrett II | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS253-2-A | Kommunalrett I | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS253-2-B | Kommunalrett II | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS254-2-A | Politirett | 20 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS255-2-A | Påtalerett | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS256-2-A | Skatterett I | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS256-2-B | Skatterett II | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS257-2-A | Grunnleggande selskapsrett | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS257-2-B | Aksjeselskapsrett - fordjuping | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS258-2-A | Norsk konkurranserett | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS258-2-B | Competition Law | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS259-2-A | Internasjonal privatrett | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS260-2-A | Design- og patentrett | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS260-2-B | Opphavsrett | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS260-2-C | Kjenneteiknsrett | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS260-2-D | Marknadsføringsrett | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS261-2-A | Konfliktmekling | 20 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS262-2-A | Trygderett | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS263-2-A | Børs- og verdipapirrett | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS264-2-A | God forvaltningsskikk: Etikk, kommunikasjon og konfliktforståelse i forvaltningen | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS270-2-A | Economic Analysis of Law | 20 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS271-2-A | Energy Law | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS272-2-A | American Law | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS273-2-A | Legal Philosophy | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS273-2-B | Rettsteori | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS273-2-C | Law and Justice | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS274-2-A | Comparative Company Law & Economics 1: Theory and Structure | 20 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS275-2-A | Terrorism in International and European Criminal Law | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS276-2-A | Human Rights Law: Special Focus on Economic, Social and Cultural Rights | 20 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS277-2-A | Introduction to Copyright Law | 5 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS277-2-B | International Copyright Law | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS278-2-A | Comparative Private Law | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS279-2-A | Transnational Commercial Law I | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS279-2-B | Transnational Commercial Law II | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS280-2-A | Alternative Dispute Settlements | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS325 | Rettshjelp - valemne | 30 | 7-10 | 8 | ||||||||
| JUS281-2-A | Comparative Constitutional Law | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS282-2-A | International Business Contracts: Structures, Negotiation, Conflict Avoidance and Resolution | 10 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS283-2-A | Arbitration Theory and Practice | 20 | 7-10 | 9 | ||||||||
| JUS2FRI | Kan ta særskilt valgemne jus | - | 7-10 | 9 | ||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utenlandsopphold, 1 semester | - | - | ||||||||||