Home
Medieval Research Cluster

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
borgund kaupang

Borgund – mellomalderbyen som forsvann

Mellomalderbyen Borgund var i fleire hundre år gløymt og gøymd under marka. Eit forskarteam ved UiB analyserer no funn ved staden og skal gjenskape livet i Borgundkaupangen. I denne dokumentaren kan du bli med på reisa.

Gitte Hansen
Arkeolog Gitte Hansen er leiar av Borgund kaupang-prosjektet.
Photo:
Viti Museum

Main content

I mellomalderen var Borgund ein handels- og kyrkjestad, og den største byen mellom Bergen og Trondheim. Etter svartedauden begynte nedgangen, og på 1500-talet hadde byen forsvunne under marka. I over 100 år har arkeologane gravd i jorda for å finne spor etter byen. Eit forskarteam ved Universitetet i Bergen jobbar no med å gjenskape livet i Borgundkaupangen.

Du kan bli med på reisa tilbake til mellomalderen.

Tidleg på 1900-talet begynte det å dukke opp gjenstandar frå det som kunne vere eit byliv i Borgundkaupangen. I eit internasjonalt forskingsprosjekt, Borgund kaupang, skal over 45 000 funn frå staden analyserast i håp om å finne ut meir om livet i Borgund i middelalderen.

Mellomalderarkeolog Gitte Hansen leier prosjektet, og med seg har ho ein solid gjeng.

– Vi er ei gruppe forskarar frå dei humanistiske faga arkeologi, historie, kunsthistorie, lingvistikk, og forskarar frå dei naturvitenskaplege faga geologi og biologi. Saman skal vi finne ut korleis det var å leve i Borgund, fortel ho.

I ein dokumentarserie på fem episodar kjem vi tett på korleis forskarane arbeider med ny teknologi, kva folka levde av, og korleis det tok slutt.

1. Fram i lyset

Fram i lyset. Episode 1

Produsent:
Viti Museum

2. Ny kunnskap med ny teknologi

Ny kunnskap med ny teknologi. Episode 2

Produsent:
Viti Museum

3. Rikdomen i havet

Rikdomen i havet. Episode 3

Produsent:
Viti Museum

4. Kyrkjestaden

Kyrkjestaden. Episode 4

Produsent:
Viti Museum

5. Bløming og forfall

Bløming og forfall. Episode 5

Produsent:
Viti Museum