Home
UiB AI

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
AI

Styrkar Bergen som kraftsenter for AI

Alt ligg til rette for at Bergen skal bli eit kraftsenter innan AI, kunstig intelligens. Forskarar, studentar, næringsliv og offentlig sektor var samla på Universitetet i Bergen for å få utløyst potensialet i Vestlandshovudstaden.

Morten Goodwin
Morten Goodwin holdt opningsføredraget "Teknologifremtiden er her" på konferansen Intelligente Bergen.
Photo:
Eivind Senneset, UiB

Main content

Universitetet i Bergen (UiB) er i ferd med  etablere seg som hovudsetet for forsking og utdanning på AI eller kunstig intelligens i Norge, med forskingsmiljø fordelt på fleire fagfelt. UiB AI vart i fjor lansert som ein plattform for tverrfagleg AI-forsking og samarbeid på tvers av sektorar.

– Det gir oss ein unik ståstad nasjonalt. Kunnskaps-, nærings-, kultur- og samfunnsliv i Bergen har AI-løysingar på topp nivå i eit breitt spekter av bransjar som dei utviklar og brukar i sine verksemder. Det gjer at Bergen har eit potensial som eit nasjonalt kraftsenter for kunstig intelligens. I dag skal vi diskutere korleis vi saman kan få utløyst dette potensialet, sa prorektor Pinar Heggernes då ho opna konferansen Intelligente Bergen 4. november. 

Pinar Heggernes

Prorektor Pinar Heggernes

Foto/ill.:
Eivind Senneset, UiB

Heggernes er prorektor med spesielt ansvar for utdanning og digital kunnskap, og er professor i informatikk med spesialisering i algoritmar.

Konferansen samla næringsliv, offentlig sektor, forskere og studenter i Bergensregionen for å få synliggjøre forskning på og anvendelse av kunstig intelligens (AI).

Eit viktig mål for dagen var å utforske nye samarbeidsmoglegheiter og opner for dialog på tvers av fag og sektorer i regionen. Slik kan ein kople ulike aktørar og vise korleis kunstig intelligens vert brukt, studert og utvikla ved ein breidde av sektorar i regionen, med særlig fokus på berekraft, helse og etikk.

Publikum Intelligente Bergen

Professor Bettina Husebø

Foto/ill.:
Eivind Senneset, UiB

Konferansen er arrangert av UiB AI i samarbeid med Norwegian Cognitive CenterHelse Bergen og Bergen kommune.

Til dømes snakka Bettina Husebø, professor ved UiB, om kva rolle kunstig intelligens kan spele i å hjelpe oss å forstå demens.

Husebø er leiar for Senter for alders- og sykehjemsmedisin.

Bettina Husebø

Publikum på Intelligente Bergen

Foto/ill.:
Eivind Senneset, UiB
 

Konferansen er delt inn tre delar: Bærekraftig intelligens, Medisinsk intelligens og Kunstig intelligens i samfunnet.

Sjå programmet og les meir om føredragshaldarar her.