Home
Faculty of Humanities
karriere

Redaktørjobb i boks med master i nordisk

Med ein master i nordisk språk og litteratur, i kombinasjon med ei aktiv studietid, gjekk Vemund rett frå studia til jobb som journalist, redaktør og rådgjevar i Noregs Mållag.

Main content

Det beste ein lærer når ein studerer litteratur og språk, er å hente ut informasjonen i ein tekst og fortolke denne, eller sette han saman til å skape ny kunnskap.

Kvifor valde du å studere nordisk språk og litteratur?

Eg har alltid likt å lese, og det var i hovudsak gjennom norske forfattarar eg fann denne gleda. Eg fekk spesielt ei openberring og interesse for litteratur og filosofi på vidaregåande i Stavanger. Då bestemte eg meg for at eg kunne kombinere desse interessene og framleis vere sikra god jobb langt fram i tid ved å studere nordisk. Planen var å bli lærar.

Kva skreiv du masteroppgåve om?

Eg skreiv masteroppgåve om natursynet i norske gardsromanar. Nærare bestemt Markens Grøde av Knut Hamsun, Det store spelet av Tarjei Vesaas og Grøftetildragelsesmysteriet av Thure Erik Lund. Eg samanlikna gardsprosjekta i dei tre romanane og korleis desse gir uttrykk for ulike oppfatningar om naturen, og korleis dei på ulike vis forsøker å skape eit eige omgrep om naturen.

Jobba du på sida av studia, eller var du engasjert i andre aktivitetar?

Dei to første åra eg studerte hadde eg ikkje jobb. Det tredje året tok eg småjobbar, som å vere ringevikar på skule og SFO, saman med timebaserte omsetjings- og undertekstingsoppdrag for TV2. Eg var også aktiv i og seinare redaktør for litteraturtidsskriftet Prosopopeia, og i det tverrfaglege politiske tidsskriftet Røyst.

Korleis har desse erfaringane vore til nytte for deg i ettertid?

Det har for det første berre vore kjekt å kunne dyrke og utforske faga litteratur, filosofi og politikk ved å lese og redigere fagtekstar og essay. Det hjelpte meg også å knyte fagleg-sosiale miljø. Viktigast av alt er at eg sjølv blei betre til å skrive ved å gi tilbakemelding på tekstane til andre. Redaksjonsarbeidet lærte meg også mykje om dei mange prosessane i å produsere eit blad.

Kva jobb har du i dag? – og kva er arbeidsoppgåvene dine der?

Eg jobbar som redaktør og journalist i Norsk Tidend, som er ei avis finansiert av Noregs Mållag. Eg jobbar òg som rådgjevar for Noregs Mållag. Arbeidsoppgåvene mine går mellom anna på å redigere Norsk Tidend. Det involverer å sjølv skrive journalistiske saker av stort og smått som rører seg i språklandet Noreg – det vil seie dei aller fleste felt: Teknologi, litteratur, kultur, kommunepolitikk, utdanning, skule og barnehagar. Men det handlar også om å hente inn aktuelle saker frå andre, så her kom tidsskrifterfaringa godt med.

Rådgjevardelen går på å arbeide med praktisk politikk på ulike vis. Ein skriv høyringssvar, skriv lesarinnlegg på vegner av andre, driv med påverknadsarbeid og hjelper lokallag i organisasjonen å få gjennomslag. Nokon gonger skal ein også berre lese seg opp på ting og formidle vidare til andre. Ein besøker også kommunar, skular og barnehagar og gjer råd, hjelp og nokre gonger også kritikk for arbeidet dei gjer eller ikkje gjer med språk. Det er svært så allsidig og variert, og det journalistiske og det rådgjevande ved jobben har fint overlapp.

Korleis førebudde studia deg på arbeidslivet?

Det beste ein lærer når ein studerer litteratur og språk, er å hente ut informasjonen i ein tekst og fortolke denne, eller sette han saman til å skape ny kunnskap. Det er enkelt forklart hovudaktiviteten ein gjer i litteraturvitskapen. Å lese er jo også ein konsentrasjonsaktivitet. Det er ein kunnskap og ferdigheit som er relevant og viktig i fleire yrker, heilt sikkert også i privat næringsliv.

Kva trur du gjorde at du som er heilt nyutdanna fekk ein så fagleg relevant jobb?

Masterstudiet i kombinasjon med at eg brukte litteratur- og språkkunnskapane til å produsere noko konkret, som tidsskrift og tekstar i ulike sjangrar, saman med tidlegare politikk- og organisasjonsarbeid, gjorde meg godt førebudd på å jobbe i ein organisasjon. Erfaringane eg har gjort meg, og no byggjer vidare på, kan sjølvsagt direkte overførast til jobbar i mediebransjen, forlag, kommunikasjon og PR, manus og skriving, omsetjing og korrekturlesing. Eller andre organisasjonar så klart. Så her er det mange vegar som er opna.