Humanistar les Eikemo
Ved studiestart kvart år gir Det humanistiske fakultet ei gratis bok til nye studentar og inviterer til lesekafé, bokbad og meire til.
Main content
Alle får ei bok
For å markere starten på eit tilvære som humaniorastudent, inviterer Det humanistiske fakultet til ei felles leseoppleving, der nye studentar kan lese ei bok saman. Ved kvar studiestart blir det difor delt ut ei bok – heilt gratis – til alle nye HF-studentar.
Det blir lesekafé i studenpuben Ad Fontes der ein kan lese og diskutere boka med andre, bokbad der forfattaren fortel og les utdrag av boka si, og panelsamtale med forfattar, fagfolk og andre studentar. Sjå kva Studvest skreiv om Humanistar les i 2024.
Kvifor les vi?
Humanistiske fag studerer mennesket i verda - i nåtida, fortida og framtida. Kva dei tenkjer, lagar, trur på og drøymer om, korleis dei kommuniserer og har innverknad på verda og kvarandre. Humaniora handlar om kva det vil seie å vere menneske. Studia av alt dette byggjer på skriftlege kjelder.
«Bøker er den viktigaste inngangsporten til humaniora sitt fantastiske faglege univers. Vi humanistar les.», skriv dekan Camilla Brautaset i si helsing til studentane. Som dekan for eit lesande fakultet inviterer ho alle nye studentar til å ta del i lesefellesskapet og oppleve korleis lesing kan opne dører til eit mangfald av ulike humanistiske fag, nye perspektiv og livslange vennskap.
Forfattar og bok
Marit Eikemo er sjølv oppvaksen i Odda som ho skriv om i boka.
I 2024 las studentane romanen Chiquitita av den norske forfattaren Pedro Carmona-Alvarez. Til studiestarten i 2025 er det Vi er brødrene Eikemo av Marit Eikemo som er den utvalde boka.
Marit Eikemo har skrive bok om sin eigen familie – om far sin og dei ville brørne hans og deira liv i Odda. Dei voks opp i eit hus på fire etasjar, som seinare vart Marit Eikemo sin barndomsheim. Boka er ei humoristisk kjærleikshistorie om huset, familien og plassen Odda, og alt som har forsvunne på vegen til det moderne samfunnet vi kjenner i dag.
«Terningkast 6! Et hus, fem brødre – og eventyr av levd liv stiger fram. I Marit Eikemos elegante fortelling om egen familie er det alvor og kjærlighet, omsorg og humor ... Eikemo tegner en familiehistorie få kan vise til og skaper en fortelling som utmerker seg ... Her kan hun få sitt store gjennombrudd, for denne boken fortjener å bli lest av mange ... Vi er brødrene Eikemo er en liten bok, men et storslått lerret av en fortelling fra et hjørne i Norges industristedshistorie .... [G]jennomarbeidet, velskrevet, lett å lese, ispedd humor, analyse, omtale av vanskelige hendelser med varme, varsomhet og kjærlighet.»
– Guri Hjeltnes, VG
«Ein av Klassekampen sine kritikarfavorittar frå 2024! 'Som en venn av en venn sa: Årets mest sjarmerende bok. Så ja, romaner som dette blir det vandrehistorier av'.»
– Kaja Schjerven Mollerin, Klassekampen
