Home
Faculty of Humanities

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Studiestart 2026

Humanistar les Renberg

Ved studiestart kvart år gir Det humanistiske fakultet ei gratis bok til nye studentar og inviterer til forfattarmøte, lesekafé og meire til.

Next
Bilde av Tore Renberg som sitter på et svaberg i sollys
Forfattar Tore Renberg kjem til HF for å møte dei nye studentane
Photo:
Forlaget Oktober
1/2
Bokomslag til Tollak til Ingeborg
Humanistar les-romanen hausten 2026
Photo:
Forlaget Oktober
2/2
Previous

Main content

Alle får ei bok

For å markere starten på eit tilvære som humaniorastudent, inviterer Det humanistiske fakultet til ei felles leseoppleving, der nye studentar kan lese ei bok saman. Ved kvar studiestart blir det difor delt ut ei bok – heilt gratis – til alle nye HF-studentar.

Det blir lesekafé i studenpuben Ad Fontes der ein kan lese og diskutere boka med andre. Studentane får og møte forfattaren både i forelesing og i samtale med fagfolk og studentar.

Dette er tredje året fakultetet inviterer til Humanistar les. 

Kvifor les vi? 

Humanistiske fag studerer mennesket i verda - i nåtida, fortida og framtida. Kva dei tenkjer, lagar, trur på og drøymer om, korleis dei kommuniserer og har innverknad på verda og kvarandre. Humaniora handlar om kva det vil seie å vere menneske. Studia av alt dette byggjer på skriftlege kjelder.

«Bøker er den viktigaste inngangsporten til humaniora sitt fantastiske faglege univers. Vi humanistar les.», skriv dekan Camilla Brautaset i si helsing til studentane. Som dekan for eit lesande fakultet inviterer ho alle nye studentar til å ta del i lesefellesskapet og oppleve korleis lesing kan opne dører til eit mangfald av ulike humanistiske fag, nye perspektiv og livslange vennskap.

Forfattar og bok

I 2026 er det Tollak til Ingeborg av forfattaren Tore Renberg som er den utvalde boka.

"Dei kallar han Tollak til Ingeborg. Den gamle stabukken som bur oppe ved sagplassen. Alle veit at han har gjort ting på sin eigen måte. Alle veit kva han gjorde med dei gutane. Alle veit at ungane hans ikke kjem heim så ofte. Alle veit han tok til seg han dei kalla Oddotosken. Og alle hugsar den gode kona hans, Ingeborg.

Men det er noko folk ikkje veit. Det er på tide å fortelje."

Romanen fekk Nynorsk litteraturpris i 2020. "Det er ei sterk historie som også kan få lesarane i den nye tida til å elske litteratur", sa juryen den gong.    

Det trur vi òg! Bli med og finn ut kva det er Tollak skal fortelje, og gjer deg klar for ei sterk og intens lesaroppleving i lag med dine nye venner og medstudentar.  

Du kan lese meir om boka og forfattaren her.