Home
Student Pages

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Gjensidig avtale mellom studenter og UiB om forventninger til undervisning, vurdering og eksamen

UiB skal leggje til rette for eit forskingsbasert undervisningsopplegg med relevante vurderingsformer som bidrar til di faglege og intellektuelle utvikling.

Main content

Alle studieprogram ved UiB har eit fagleg innhald som studenten skal følgje. Nokre studieprogram legg opp til stor fagleg valfridom, medan andre har det meste som obligatoriske emne. Dette er spesifisert i studieplanane for dei enkelte programma.

Når du kjem til universitetet, skal du gjere ein avtale med institusjonen om ein utdanningsplan dersom du er tatt opp til eit studium med eit omfang på minimum 60 studiepoeng. Denne planen er todelt. Utdanningsplanen del I er felles for alle studentane ved UiB og omtaler generelle forhold ved studiet og synleggjer rettar og plikter mellom deg som student og UiB. Utdanningsplanen del II omtaler studieprogrammet du er tatt opp til meir i detalj og inneheld også den enkelte studenten sin studieprogresjon.

Du får opp din eigen utdanningsplan i Studentweb når du skal registrere deg som student. Du vil da bli bedt om å stadfeste den generelle planen i del I, og i del II skal du godta den føreslåtte progresjonen eller velje kva for emne du skal ta i det følgjande semesteret.

Universitetet ventar at du som student tar ansvar for eiga læring ved å:

  • Rette deg etter lover og forskrifter som gjeld deg som student og studieprogrammet ditt
  • Oppfylle krava som gjeld framstilling til og gjennomføring av eksamen
  • Følge prosedyrar for permisjon og fråvær frå studia eller eksamen
  • Ta omsyn til personvern og ikkje gjer lyd- eller bildeopptak av undervisning eller vurdering
  • Be om grunngjeving for eksamenskarakteren før du eventuelt klagar  
  • Sette deg nøye inn i informasjonen frå universitetet om oppmelding til undervisning og eksamen
  • Ha respekt for andre sin produksjon og set deg inn i korrekt kildebruk.
  • Sette deg inn i studiet sitt læringsutbytte og samla undervisnings- og læringsopplegg, samt eksamens- og vurderingsformer.
  • Førebu deg og delta aktivt i dei undervisnings- vurderings- og læringsopplegga som universitetet legg til rette for
  • Ta ansvar for å oppfylle dei obligatoriske krava som er sett i det faget du studerer
  • Halde deg orientert om stad og tid for eksamen, kva utstyr du treng og kva hjelpemiddel som er tillatne
  • Møte til og gjennomføre dei eksamenane du er meldt til/eventuelt trekkje deg innan oppgitt frist
  • Delta i fagmiljøa si evaluering av studiekvaliteten
  • Halde deg informert om klagefrist og universitetet sine klageprosedyrar

 

Universitetet tilrår at du som student:

  • Legg til rette for eiga læring gjennom ein samla studieinnsats normert til 40 timars arbeidsveke gjennom heile studieåret, tilsvarande 1600 timar i studieåret, for heiltidsstudentar
  • Ikkje lar lønna arbeid gå ut over arbeidet med studia og den planlagde studieprogresjonen din
  • Møter regelmessig og tar aktivt del i gruppe- og kollokvieundervisninga som blir tilbode

 

Universitetet sine plikter og ansvar når det gjeld undervisning er å:

  • Leggje til rette for eit forskingsbasert undervisningsopplegg som bidrar til di faglege og intellektuelle utvikling
  • Formulere læringsutbytte som omfattar kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som skal vere oppnådd ved sluttført studium
  • Leggje til rette undervisninga, så langt det lar seg gjere, slik at det er mogeleg for studenten å gjennomføre studia i samsvar med utdanningsplanen
  • Leggje til rette for varierte undervisnings- og læringsopplegg med studentaktive læringsformer
  • Leggje undervisninga til rette slik at studentar som ønskjer det, kan delta på arrangement på fagkritisk dag
  • Leggje til rette for bruk av digitale verktøy for læring
  • Gi opplysningar i ditt studium/studieplan om korleis du kan delta i emne- eller programevaluering
  • Syte for at avlyst undervisning blir tatt igjen innan rimeleg tid så sant dette lèt seg gjere
  • Opplyse om permisjons- og fråværsordningar

Universitetet sine plikter og ansvar når det gjeld vurdering er at:

  • Vurdering vert gjennomført i tråd med Retningslinjer for vurdering
  • Det skal være ein klar samanheng mellom læringsutbytet, undervisninga og vurderingsforma i eit emne
  • Vurderingsforma skal være eigna til å teste læringsutbytet i emnet og til at du får vist i kva grad du har oppnådd dette
  • Vurderinga skal vere transparent, konsistent og rettferdig i høve til bidraget ditt. Vurderingskriteria skal være tilgjengelege, stabile og bygde på objektive vilkår.
  • Vurderingsformene som vert nytta i løpet av ei studieprogram skal vere varierte og medverke til at du oppnår det heilskaplege læringsutbytet for programmet
  • Vurderinga skal legge til rette for at du som student tar aktivt del i læringsprosessen – både i det enkelte emnet og i programmet som heilskap
  • UiB skal nytte vurderingsformer som er oppdaterte i høve til forsking på vurderingsfeltet og nytte digitale moglegheiter som stimulerer til innovasjon i vurderingspraksisen
  • Vurderinga skal fremje læring og motivasjon gjennom tilbakemelding og evaluering

 

Universitetet sine plikter og ansvar når det gjeld eksamensgjennomføring er å: 

  • Syte for at all relevant informasjon om eksamensmelding, eksamensgjennomføring, sensur, klagerett og klagerutinar er lett tilgjengeleg, også på engelsk
  • Syte for at eksamensplanane ligg føre innan dei fastsette fristane
  • Gi eksamen på engelsk når emnet vert gitt på engelsk, og etter søknad til fakultetet når emnet vert gitt på norsk
  • Gjennomføre eksamen og sensur på ein profesjonell og objektiv måte, innanfor gjeldande rammer og fristar
  • Følge klare reglar og prosedyrar når studentar blir gripne i fusk eller andre brot på eksamensreglementet
  • Ha klare og stabile reglar og prosedyrar for klagehandsaming