Home
Faculty of Humanities

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Samarbeid med skular

Det humanistiske fakultet har samarbeid om undervisning, rettleiing, pedagogisk utviklingsarbeid og praksis i utvalde humanistiske fag med St. Paul gymnas og Amalie Skram vidaregåande skule.

Studenter på forelesning.
Photo:
Sandra Jecmenica

Main content

Det humanistiske fakultet har inngått avtaler om samarbeid med skulane St. Paul gymnas og Amale Skram vidaregåande på fleire område.

Forutan UNG-ordninga, der fagleg flinke elevar kan ta utvalgte fag ved HF-fakultetet, opnar avtalene for spennande faglege samarbeid. Eksempel er  fagleg og fagdidaktisk samarbeid innan undervisning, forskingsprosjekt der både lærarar og elevar kan delta, og utvikling av etter- og vidareutdanning for lærare. 

I samarbeidsavtalene inngår det også at elevane ved dei to skulane skal få tilbod om besøksdagar med omvising på universitetet, og anledning til å møte tilsette og studentar ved fakultetet.

Samarbeid om skulepraksis for lektor- og PPU-studenter frå UiB er regulert i ei eiga avtale.