Farmasi, master, 5 år
- Lengde5 År
- Ordinær55
- Primær47
- Plassar24
- OpptakskravMEROD
- Studiepoeng300
- StartHaust
Hovedinnhold
I løpet av studiet lærer du også korleis du kan bruke legemiddel på ein best mogleg måte for å førebygge, lindre eller lege sjukdommar og skadar. Farmasi er eit vidt fagområde som inkluderer kjemiske, biologiske og spesialiserte farmasøytiske emne som samfunnsfarmasi og farmasøytisk teknologi.
Legemiddel er det mest brukte verkemiddel i helsevesenet i dag, og den nest største kostnaden etter arbeidskraft. Med andre ord er det store ressursar som kvart år blir brukt på dette fagfeltet. Riktig legemiddelbruk fører til betre folkehelse, mens feil legemiddelbruk kvart år fører til personskadar og ekstrautgifter for samfunnet. Som farmasøyt er du kvar dag med på å førebygge dette.
Meir informasjon under
Hvordan er det å være student ved farmasistudiet?
På farmasistudiet er vi opptatt av
- korleis vi kan finne nye aktive stoffar, utvikle nye legemiddel og dermed hjelpe enda fleire pasientar med å bli friske eller leve et betre liv
- korleis vi kan best mogleg utnytte dei økonomiske ressursane vi har tilgjengeleg til legemiddel
- korleis vi kan sørge for at alle land har tilgang til trygge og effektive legemiddel til ein overkommeleg pris
På studiet går vi gjennom korleis du kan identifisere og utvikle legemiddelstoff, og korleis framstille legemiddel. Du lærer korleis du kan hjelpe personar til å bruke legemidlar på en riktig måte, og å kommunisere godt med kundar, pasientar og helsepersonell.
Jobb
Legemiddel er ei stor utgift i helsevesenet og det er behov for farmasøytar som kan jobbe for rasjonell legemiddelbruk. Næringslivet treng folk med kompetanse på kvalitetssikring, produksjon og utvikling av legemiddel og andre produkt som for eksempel næringsmiddel og medisinsk utstyr.
Med ein mastergrad i farmasi får du ei brei utdanning, og blir spesialist på legemiddel. Du blir god på tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper, og kan jobbe i mange ulike stillingar, med blant anna kvalitetskontroll og kommunikasjon. Apotekvesenet er i stadig utvikling og treng farmasøytar. Sjukehus og sjukeheimar treng også farmasøytar for å ivareta ei sikker legemiddelbehandling.
Integrert masterprogram i farmasi kvalifiserer for autorisasjon som provisorfarmasøyt.
Farmasøytar jobbar i apotek, i industrien og i det offentlege, med
- utvikling, produksjon, kontroll og sal av legemiddel
- forsking innan farmasi på universitetsnivå
- rådgiving
- undervisning, for eksempel av apotekteknikarar på VGS, og innan farmasi på universitetsnivå
- leiing på apotek (som apotekarar)
- andre oppgåver innanfor legemiddelområdet, som godkjenning av nye legemiddel og registrering av biverknadar
Etter studiet kan du søke deg vidare til doktorgradsutdanning.
Dersom du skal godkjenne legemiddel for sal frå industrien må du ha vidareutdanning som QP (Qualified Person) for å kunne inneha denne funksjonen.
Meir informasjon under
Oppbygging
Integrert masterstudium i farmasi er eit femårig fulltidsstudium, som startar i august.
Frå og med hausten 2021 vil nye studentar på fyrste studieår følgje ny studieplan. Studentar som byrja på studiet hausten 2020 eller tidlegare følgjer denne studieplanen.
Slik er studiet lagt opp:
Semester 1:
Semester 2:
- FARM130 Organisk kjemi (10 studiepoeng)
- FARM260 Molekylær cellebiologi (10 studiepoeng)
- EXPHIL-MOSEM* Examen philosophicum - seminarmodell (10 studiepoeng)
Semester 3:
Semester 4:
Semester 5:
Semester 6:
Semester 7:
Semester 8:
-
FARM205 Samfunnsfarmasi II og rettleia praksis (30 studiepoeng)
Semester 9 og 10:
- FARM399/05H Masteroppgåve i Farmasi (45 studiepoeng)
- Valfrie emne (15 studiepoeng) studiespesialiserande emne som studenten vel i tilknytning til masteroppgåva
*Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle grunnstudium ved UiB.
Studiekvardagen
Farmasistudiet har eit godt studiemiljø, kor det er tett samhandling mellom student og undervisar og også moglegheit for mange forskjellige fellesaktivitetar på fritida.
Meir informasjon under
Farmasi
Som ny student på farmasistudiet vil du få tilbod om å delta i ei mentorgruppe. I mentorgruppa blir du kjent med andre som studerer det same som deg og som du vil møte i undervisninga det første studieåret. Vidarekomne studentar på studieprogrammet ditt leiar mentorgruppene og vil dele av sine erfaringar med studia og studiekvardagen.
Studiekvardagen er variert: Du får delta på spennande laboratoriearbeid og lærerike studieturar til ulike fagmiljø, i tillegg til ordinær undervisning. Studiet har ein god blanding av teori og praksis og har eit tverrfagleg fokus.
Undervisninga er lagt opp som:
- Forelesingar
- Gruppeundervisning
- Laboratorium og praktiske øvingar
- Praksis i apotek og sjukehus
- Sjølvstudium
- Masteroppgåve
- Studietur
I løpet av ei typisk veke vil du ha 20-25 timar undervisning. I tillegg kjem sjølvstudium. Litteraturen er på engelsk og norsk. Innholdet i studiet vil variere: Nokre semester har du mange laboratorieøvingar, andre gongar har du mest forelesningar og gruppeundervisning. I 8. semester har du eit heilt semester med praksis i apotek, og på siste studieår vil du vere mest opptatt av oppgåveskriving.
Praksis er ein obligatorisk og viktig del av farmasiutdanninga.
Praksisperiodane er lagt opp slik:
- Klinisk praksis i sjukehus, 3 dagar i 7. semester
- Praksis i apotek, heile 8. semester
- Kortare praksisperiodar i apotek i 1. semester
- TVEPS – utplassering i sjukeheim saman med studentar frå andre studieprogram i løpet av praksistida i apotek
Praksisplassane blir organisert av fakultetet.
Emna på 1. til 4. studieår er obligatoriske. På siste studieår kan du velje mellom ulike tema til masteroppgåva og 15 studiepoeng valfrie emne. Du vel også kor du vil vere i praksis.
Som farmasistudent er du tilknytt Senter for farmasi. Du vil halde til i ulike bygg på campus Haukeland, for eksempel Bygg for biologiske basalfag, Armauer Hansens hus, Sentralblokka på Haukeland Universitetssjukehus og Alrek helseklynge. Lesesalar finn du på Armauer Hansens hus, og på Realfagsbygget har farmasistudentar ein eigen lesesal.
Farmasi er eit tverrfagleg studieprogram, som har undervisning både ved Det medisinske fakultet og ved Det matematisk-naturvitskapelige fakultet.
Kva lærer du?
Med ein mastergrad i farmasi kan du
- sjølvstendig isolere, syntetisere og analysere kjemiske stoff, framstille legemiddel og utføre kvalitetskontroll av desse
- ivareta sjølvstendig farmasøytiske yrkesfunksjonar i apotek, øvrige delar av helsetenesta og innan farmasøytisk industri
- samarbeide med anna helsepersonell om optimal legemiddelbehandling til den enkelte pasient
Les heile lista over læringsutbyte.
Utveksling
Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester i siste studieår. Vi har avtalar med universitet i England, Australia og Tanzania.
Les meir om utveksling på farmasistudiet.
Slik søker du om å reise på utveksling.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke?
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og MEROD: Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og Fysikk 1 og Kjemi 1 og 2.
Søknadsfristen 15. april.