Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Søkjartala er klare

Samfunnsfag i vinden- gode søkjartal på SV

Samfunnsfaga er i vinden, og dette viser igjen på søkjartala til SV-fakultetet. Både medie- og IKT-fag, og fag som geografi, antropologi og sosiologi har fått fleire søkjarar.

Studentar utanfor SV bygget
Svært mange studentar har fag ved SV-fakultetet som sitt førsteval. Med 2448 søkjarar til bachelorprogram og årsstudium er dette det fakultetet på UiB som flest søkjer seg til.
Foto/ill.:
Ida Bergstrøm, UiB

– Vi tilbyr utdanning som treff det ungdom vil ha og samfunnet treng. 

Det seier dekan Jan Erik Askildsen ved Det samfunnsvitenskaplige Fakultetet ved UiB. 

UiB la i dag fram søkjartala sine, og SV-fakultetet står fram som det fakultetet med flest førstevalsøkjarar med sine 2448 søkjarar. 

– Det er svært hyggeleg at vi stadfestar posisjonen vår som det fakultetet som flest studentar ønskjer seg til, seier Askildsen. 

Media City - effekten

Fleire av studiane som får fleire søkjarar i år held til i Media City Bergen. I medieklynga samarbeider UiB med fleire av dei sterkaste innovasjons- og teknologimiljøa i landet, og UiB tilbyr der ei svært moderne utdanning innan medieproduksjon og IKT med mykje praksis bakt inn i faget. 

Både bachelor i journalistikk, media og kommunikasjon, TV-produksjon og medie- og interaksjonsdesign har fleire førstevalsøkjarar enn i fjor. 

– Satsinga vår på MCB slår inn på søkjartala. Studentane får ein skreddarsydd og framtidsretta kompetanse som nok er svært ettertrakta, seier Askildsen. 

Dei store samfunnsutfordringane 

Også faga innan sosiologi, antropologi, samanliknande politikk, administrasjon og organisasjonsvitenskap og geografi har fleire primærsøkjarar, medan økonomifaga går litt tilbake. 

– Vi lurer på om det kan vere Greta Thunberg-effekten vi ser her. Klimaspørsmål og generelle samfunnsspørsmål har fått mykje merksemd i det siste. Her på fakultetet har vi spennande fag å tilby når det gjeld dei store samfunnsutfordringane, og studentar med interesse for berekraft finn faget sitt her, seier Askildsen.