Hjem
Senter for vitenskapsteori
Pandemiar

Frå di-versitet til uni-versitet i pandemitider

Danningsemnet Global helse: Etikk, politikk og menneskerettigheter ved UiB set fokus på pandemiar og universitetet si rolle i komplekse og uoversiktlege samfunnsutfordringar.

Flaggermus mot rosa bakgrunn
Kompleksitet blir ofte illustrert med at vingeslaga til ein sommarfugl i Brasil kan vere årsak til ein tornado i Texas fleire veker seinare (Lorenz 1972). Var det ei smittebærande flaggermus fra ein våtmarknad i Wuhan som var årsak til nedstenginga av Noreg?
Foto/ill.:
Igam Ogam/Unsplash

Hovedinnhold

Kvart semester tilbyr Senter for vitskapsteori ved UiB eit tverrfagleg danningsemne med overordna tematikk, der studentar og forelesarar frå heile universitetet møtes for å diskutere, kommunisere og vinne innsikt på tvers av faglege skiljelinjer og vitskaplege kulturar. Som einaste fag av sitt slag ved UiB kan danningsemne takast av studentar ved alle fakulteta.

Vil utforske universitetet si samfunnsrolle

På grunn av den pågåande covid-19-pandemien var det eit naturleg val å sette fokus på pandemiar i danningsemnet VIT211 - Global helse: Etikk, politikk og menneskerettigheter denne våren. Emneansvarleg Jan Reinert Karlsen ser på tematikken som eit godt høve til å utforske universitetet si samfunnsrolle under pandemiar, og korleis det kan bidra til samfunnet sin beredskap.

– Pandemiar avslører noko om samfunnet vårt, og gir eit enormt potensiale for læring og forståing. Då er det svært viktig at universitetet tek på seg rolla som ein stad der ein kan lære om og prøve å forstå sentrale spørsmål relatert til pandemiar.

Frå di-versitet til uni-versitet

I emneskildringa som Karlsen har forfatta, blir føremålet med emnet skildra slik:

Hensikten med emnet er å bidra til å utvikle en arbeidsmåte og kunnskapskultur hvorfra universitetet – som en di-versitet av fag, disipliner og akademiske kulturer – kan komme sammen som et uni-versitet og diskutere, reflektere og lære om en stor og kompleks samfunnsutfordring.

Karlsen meiner at universitetet per dags dato framleis ber for mykje preg av di-versitet, og har ein veg å gå for å bli eit reelt uni-versitet.

– Universitetet må gjere nokre nye ting. Ei verdsforståing som går ut på å løyse eitt og eitt problem på ein teknisk måte, og så gå vidare til neste problem, fungerer ikkje. Vi må utvikle nye måtar å drive tverrfagleg forsking og undervisning på.

Å vere kvarandre sitt sidesyn

Han understrekar at han ikkje tenker at det er ein motsetnad mellom universitet og diversitet, eller at enkeltfaglege tilnærmingar ikkje er legitime.

– Spørsmålet er heller korleis denne diversiteten kan komme i tale, kommunisere på tvers og saman vinne innsikt. Alle fag har sine blindflekkar.

Karlsen trekk fram følgande sitat frå epidemiologen og veterinæren David Waltner-Toews for å illustrere poenget sitt:

Our scientific and technological success has relied on our ability to focus. In the process, we have lost our peripheral vision = tunnel vision. Each of us cannot see everything. We must be each other’s peripheral vision. Unless we collaborate across disciplines, cultures, organizations, we will always be blind-sided.

Kunnskapen si rolle i samfunnet

Enkeltfag kan altså ikkje gi ei heilskapleg forståing av komplekse utfordringar som pandemiar, så kva kan så det aktuelle danningsemnet bidra med i denne samanhengen? I følgje Karlsen skal ein først og fremst lære om kunnskapen si plassering og rolle i samfunnet vårt. Korleis brukast kunnskap i ulike faglege tradisjonar og perspektiv og i ueinigheit blant ekspertar? Korleis bidreg kunnskap til å dempe eller auke reelle verdikonfliktar i eit samfunn?

– Planen med emnet er å ta opp ein tematikk, som til dømes vaksinasjon, og sjå på eit konkret døme: Korleis har dette blitt løyst, og kva seier denne handteringa om vårt tilhøve til kunnskap, til verda?

Bidrag frå Pandemisenteret

Under arbeidet med danningsemnet har Jan Reinert Karlsen vore i dialog med Esperanza Diaz,  fungerande leiar ved det nyleg etablerte Pandemisenteret ved Universitetet i Bergen – eit senter som vil kunne bidra med fagleg nettverk og forelesarar til undervisninga i emnet. Diaz meiner at covid-19-pandemien tydeleggjer at alle fag heng saman, og at vi treng kvarandre for å kunne gi berekraftige svar på komplekse spørsmål.

– Covid-19 er eit godt døme på kor viktig det er at universitetsstudentar forstår korleis dei forskjellige faga opererer med ulike modellar av røynda, og at desse må snakke saman på nye måtar for å finne endå betre modellar til å forstå verda.

Ho skildrar samarbeidet om emnet som ei felles forståing av grunnleggande verdiar og synergieffektar.

– Pandemisenteret er etablert av UiB for å finne nye måtar å få svar på komplekse spørsmål som er relevante for samfunnet for denne og neste pandemi. Det er behov for tverrfaglegheit for å komme fram til ei djupare forståing av globale samfunnsutfordringar over tid. Vi vil difor støtte læringsprosessar som gjer oss i stand til å forstå og løyse komplekse situasjonar på ein innovativ og berekraftig måte.

Pilotprosjekt

Emnet er meint å vere ein pilot for eit heilt nytt danningsemne om pandemiar, og sidan det har lagt grunnlag for nærmare dialog mellom Senter for vitskapsteori og Pandemisenteret vil det også kunne fungere som eit startskot for å tenke ut framtidige prosjekt som er støtta av Pandemisenteret og inkluderer fleire fakultet.  

Tilknyttet innhold