Home
Student Pages
erasmus+

University of Leuven and Faculty of Medicine (ERASMUS+)

  • CountryBelgium
  • TownLeuven
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Katholieke Universiteit Leuven blir til dagleg helst omtalt som KU Leuven. Universitetet har historiske band til det eldste katolske universitetet i verda, etablert i 1425. Det har stadig eit sterkt fagmiljø innan katolsk teologi, men tilbyr òg eit breitt spekter andre utdanningsløp. Universitetet har over 41 000 studentar og er blant Belgias mest anerkjente universitet.

Leuven har om lag 100 000 innbyggarar. Mange av desse er studentar som bidreg til å gjere Leuven til ein by full av liv, kaféar og kulturtilbod. Byen har fleire musikkfestivalar, samt ein dokumentarfilmfestival og ein jazzfestival. Byen har òg eit filosofisk institutt som husar skriftarkivet til den tyske filosofen Edmund Husserl.

Accommodation

Bustadkontoret ved universitetet hjelper internasjonale studentar med mellombels bustad i den første tida i fall dei har behov for det. Dei kan òg hjelpe til i leitinga etter ein meir varig bustad, men har ikkje eigne studentbustader til disposisjon.

Semester duration

September - februar og februar - juni.

Information