Home
Department of Comparative Politics

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Praksisbedrift

Hordaland fylkeskommune

Seksjonen er ein analysestab som leverer kvantitative og kvalitative analysar og rapportar av høg fagleg kvalitet til alle fagavdelingane i Hordaland fylkeskommune.

Hordaland Fylkeskommune
Photo:
Hordaland Fylkeskommune

I Hordaland fylkeskommune samarbeider vi foreløbig med to seksjoner. Seksjon for forsking, internasjonalisering og analyse er fylkeskommunen sitt senter for kunnskaps- og kompetanseutvikling. Seksjonen administrerer regionalt forskingsfond Vestlandet, fylkeskommunen sine internasjonale samarbeid, samarbeid med universitet, høgskular og partane i næringslivet om kompetanseutvikling i regionen, og tre karriererettleiingssentre.

Seksjonen har ein analysestab som er fylkeskommunen sine «internkonsulentar» og leverer kvantitative og kvalitative analysar og rapportar av høg fagleg kvalitet til alle fagavdelingane. Analysestaben består av ein sampolar, ein folkehelsemaster, to geografar, ein sosiolog, ein økonom og ein politisk økonom. Mentor for studenten har bakgrunn frå sam.pol og har ph.d. i politisk økonomi.

Praksisstudenten vil ha sitt hovudvirke i analysestaben, og vil få sjølvstendige og utfordrande oppdrag til seksjonen sine rapportar og analysar. Våre rapportar skrivast under eige namn, og forfattar utformer prosjekta frå problemstilling og val av metode til konklusjon og tilrådingar. Tidlegare praksisstudentar har skrive eigne rapportar som både har blitt levert inn som praksisoppgåve og som har inngått som kunnskapsgrunnlag i politiske sakar både i fylke, i stat og i Nordsjøkommisjonen.

Internasjonal stab skal dei neste tre åra leie eit EU INTERREG-prosjekt med partnarar frå Noreg, Danmark, Sverige, Storbritannia, Tyskland, Nederland og Belgia. Dette prosjektet skal lage ein modell for kompetanseutvikling i marin-, maritim- og energinæringane. Arbeidet startar opp i haust, og avhengig av korleis oppgåve- og ressursfordelinga blir mellom partane, kan det vere aktuelt at praksisstudenten bidreg også i dette prosjektet.

Seksjonen er ein del av regionalavdelinga i fylkeskommunen, og dei fleste prosjekt som analysestaben utfører er knytt til utviklingsarbeid ved dei andre seksjonane i regionalavdelinga. Desse er seksjon for klima- og naturressursforvaltning, seksjon for næring- og samfunnsutvikling, og seksjon for plan. Avhengig av studentens eigne interesser og kunnskapar, vil vi setje studenten til å løyse oppgåver for ein eller fleire av desse seksjonane. Fylkeskommunen driv òg vidaregåande skular og fagskular, offentlege tannklinikkar, kollektivtrafikk (Skyss) og samferdsel, og har ei rekkje verkemiddel innan kultur og idrett. Studentar med kjennskap eller interesse for nokre av desse felta vil òg få interessante oppgåver hos oss.

Vi ser etter kreative og sjølvstendige praksisstudentar som vil utfordre seg på kvantitative og/eller kvalitative metodar, som har god språk- og talforståing, og som liker å formidle sine funn både i grafikk, tekst og tale.

Seksjonens rapportproduksjon finn du her. 

Seksjon for nærings og lokalsamfunnsutvikling si hovudoppgåve å i møtekomme den politiske bestillinga som ligg i handlingsprogram for nærings- og lokalsamfunnsutvikling i Hordaland. Seksjonen jobbar for å auke innovasjon og entreprenørskap, bidra til at arbeidslivet har den kompetansen dei treng og ei heilskapleg samfunnsutvikling. I tillegg jobbar vi mot ulike bransjar med særskilt fokus og har hatt bidreg inn i omstilling og grøn næringsutvikling. Praksisplassen vil hovudsakeleg vere knytt til arbeidet med ERASMUS+ prosjektet «Youth in action for a creative and sustainable gastronomy» (Youth4food). Koordinator for prosjektet Heidi Bjønnes Larsen skal vere kontaktperson og mentor under praksisperioden. Hovudoppgåva til studenten vil vere å utarbeide ein rapport som med utgangspunkt i ‘A new skills agenda for Europe’ og sjå på  ‘skills matching’ innafor matfaga med case frå dei fem byane som er partnar i prosjektet. Youth4food prosjektet er i siste året og vert avslutta i løpet av hausten 2019. Prosjektet vil bli evaluert av EU. Rapporten vil utgjere ein del av evalueringsgrunnlaget. Kompetansepolitikk er høgt opp på den europesike, nasjonal og regionale politiske agendaen og rapporten vil og kunne inngå som rapportserien som Hfk sjølv publiserer.