Home
Department of Informatics

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Studiehjelp

InformatikkOrakel

Er du bachelorstudent som lurar på noko innen informatikkfaget? Ta ein vaffel med InformatikkOrakel!

Main content

På Institutt for informatikk har vi eit prosjekt gåande for bachelorstudentar som ynskjer ein fagleg og sosial arena for informatikkfaget. I InformatikkOrakel skal dyktige orakel frå ulike studieretninger kunne svare på spørsmål som dukkar opp frå fag og innleveringar studentane har.

Hausten 2025 er orakla er tilgjengelege kvar torsdag 14:15–16:00 (med vaflar) og fredag 12:15–14:00 (uten vaflar).

I tillegg til det faglege skal InformatikkOrakel også vere ein sosial stad der ein kan styrke samhaldet på tvers av dei ulike studia på instituttet. Vi ynskjer at dette skal vere eit lågterskeltilbod for studentar på deira eigen arena, ein stad det er lett å be om støtte.

Orakla er Eivind Lilletvedt, August Ebne Røeggen, Mille Caroline Høeg, Karolina Gil, Maya Sommerro Evensen, Vegard Gjertsen Gonsholt, Maren Aurora Ingebrigtsen Gundhus, Izaak Krystian Sarnecki; åtte studentar frå ulike studieretningar, som skal dekke breidda innan faga på instituttet.

Tilbodet er tiltenkt studentar på Institutt for informatikk, i tillegg er studentar ved Kognitiv vitskap og Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) som tek fag på instituttet velkomne til å bli med.