Home
Faculty of Social Sciences

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Dekanval 2021

Askildsen gjenvald som SV-dekan

Jan Erik Askildsen får fornya tillit som dekan ved SV-fakultetet etter ein spanande valkamp. – Eg er veldig glad for å kunne halde fram med å styrke samfunnsfaga si rolle ved UiB, seier han.

Askildsen gjenvald som deka på SV-fakultetet
Siri Gloppen, Jan Erik Askildsen og Kristine Jørgensen er valde til nytt dekanat ved SV-fakultetet.
Photo:
Martin Instebø Jamne, UiB

Main content

– Eg vil takke for tilliten frå både tilsette og studentar til å halde fram med arbeidet som vi er i gong med. Vi skal arbeide systematisk for å styrke fakultetet framover, både når det gjeld forsking og undervisning.

Det seier professor Jan Erik Askildsen etter at det vart klart at han og teamet hans gjekk sigrande ut av dekanvalet ved fakultetet etter ein spanande valkamp.

Askildsen og teamet hans fekk 58,4 % av dei vekta stemmene mot motkandidaten Kristin Strømsnes sine 41,6 %. Stemmene til tilsette og studentar er vekta ulikt, der tilsette sine stemmer veg tyngst. I reine tal fekk Askildsen 159 av i alt 271 stemmer frå tilsette, og 105 av i alt 182 stemmer frå studentar. 

Askildsen har med seg professor Siri Gloppen som prodekan for forsking, og professor Kristine Jørgensen som visedekan for utdanning. Du finn valplattforma deira her

– Valresultatet viser at tilsette og studentar ønskjer å sjå framover og utnytte dei muligheitene vi har til å få tak i meir ressursar. Eg trur også at dei som har stemt på oss har tillit til at Siri, Kristine og eg kan samle fakultetet på ein god måte, seier Askildsen.