Home
Medieval Research Cluster

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Foredrag

Skriftsenter Bergen: Runeinnskriftene på Bryggen

Velkomen til foredrag i Dyvekes vinkjellar med professor i norrøn filologi, Odd Einar Haugen.

Lønnruner fra Bryggen i Bergen
Lønnruner fra Bryggen i Bergen, avtegnet av K. Jonas Nordby, Oslo, og gjengitt etter Håndbok i norrøn filologi, utg. Odd Einar Haugen, s. 140, Bergen: Fagbokforlaget 2013.
Photo:
Fagbokforlaget

Main content

Professor i norrøn filologi Odd Einar Haugen held saman med fleire studentar foredraget Skriftsenter Bergen: Runeinnskriftene på Bryggen.

Frå midten av 1100-talet har vi mange kjelder til norsk språk, litteratur og kultur, både i form av pergamentbøker i latinskrift og i form av runeinnskrifter, for ein stor del på enkle trepinnar. Då utgåveserien Norges innskrifter med de yngre runer var komen til band 5 i 1960, hadde den dekt heile landet og dokumentert i alt 602 innskrifter. Berre 9 av desse var frå Bergen, men takk vere utgravingane på Bryggen har det kome til nesten 700 innskrifter. Det er ein formidabel auke av korpuset. På denne bakgrunnen ønskjer Haugen å drøfte korleis runeinnskriftene kan formidlast på nettet og korleis det kan bidra til å gjere kjeldene til norsk språk og kultur i denne tida synlege og forståelege. Med seg i presentasjonen har han fleire av studentane på eit kurs dei hadde i vårsemesteret i år, og der eitt av måla var å vise korleis runer kan gjevast ut på nettet – både i transkripsjon av sjølve runeteikna, i translitterering til latinskrift og i omsetjing til moderne norsk. I dette foredraget skal dei sjå på eit utval innskrifter, korleis ein kan arbeide med desse og kva for utfordringar som ligg i materialet.

Alle er velkomne og foredraget er gratis!

Arrangementet på facebook