Home
Medieval Research Cluster

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Foredrag

Jerusalem i mellomalderens Noreg: Ei nyoppdaga kjelde

Velkomen til foredrag i Dyvekes vinkjellar med professor i mellomalderlatin, Åslaug Ommundsen.

Manuskriptfragment fra middelalderen
Beleiringa av Jerusalem 1099, i Bibliothèque nationale de France, Fr 9081
Photo:
Wikimedia Commons

Main content

Professor i mellomalderlatin Åslaug Ommundsen held foredraget «Jerusalem i mellomalderens Noreg: Ei nyoppdaga kjelde».

Jerusalem som stad og motiv spela ei fundamental rolle i mellomalderens Noreg, eit fenomen som har vore grundig belyst dei siste åra. No har to hittil uidentifiserte bokfragment i det Kongelege bibliotek i København komme for dagen, og utgjer nok ein bit i puslespelet om banda mellom Jerusalem og Noreg på 11- og 1200-talet. Tekstbitane skildrar den romerske beleiringa av Jerusalem i år 70 e.Kr. Kvifor var det relevant lesestoff langt mot nord over tusen år etter? I den diskusjonen blir me også betre kjende med ein uvanleg skrivar som arbeidde kring 1200.  

Alle er velkomne og foredraget er gratis!

Arrangementet på facebook