Home
Medieval Research Cluster

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Foredrag

Kvinnenes etterliv: Kva fortel diplom om kvinner i mellomalderens Noreg?

Velkomen til foredrag i Dyvekes vinkjeller med stipendiat i mellomalderhistorie, Embla Aae.

Kaiserinne Matilde av England (1101-1167) i et engelsk manuskript fra sent 1300-tallet
Keiserinne Matilde av England (1101-1167) i eit engelsk manuskript frå seint 1300-tal, nærare bestemt frå St Albans’ gylne bok.
Photo:
Codex MS Nero D VIII fol., f. 7r; London: British Library.

Main content

Stipendiat i mellomalderhistorie, Embla Aae, held foredraget «Kvinnenes etterliv: Kva fortel diplom om kvinner i mellomalderens Noreg?».

Diploma representerer ein kjeldekategori som kan brukast til mykje, og som har blitt mykje brukt av norske mellomalderhistorikarar.

Vi har ikkje på langt nær like mange diplom i den norske samlinga som dei har i mange andre europeiske arkiv, men det finst likevel fleire vegar ein kan gå om ein vil bruke diplommaterialet til å forstå meir om kvinner i mellomalderens Noreg.

Foredraget tar for seg to eksempel på tilnærmingar ein kan bruke til dette, eitt med fokus på korleis kvinner engasjerte seg i eigedom og fromme gåver, og eitt med blikk mot korleis kvinner kunne bruka heraldikk og klesdrakt til å posisjonere seg sjølv i samfunnet.

Alle er velkommen, og foredraget er gratis.