Home
Faculty of Humanities

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
TALE TIL ÅRETS BACHELORKANDIDATAR

– Vår kunnskap blir aldri utdatert

– Det er god grunn til å klappe seg sjølv på skuldera over det de har gjennomført, seier HF-alumn og politisk journalist Gerd Margrete Tjeldflåt i sin tale til årets bachelorkandidatar.

Gerd Margrete Tjeldflåt taler til bachelorkandidatene under årets gradsseremoni
– Me “poteter” er ikkje berre litt gode på mange ting. Me er dei beste på å vere allsidige. For det er ei eiga evne, som svært mange andre ikkje har, seier Gerd Margrete Tjeldflåt.
Photo:
Thor Brødreskift

Main content

Kjære studentar, familie og venner, gratulerer med dagen!

Det er ei stor ære å få vere her og feire dykk i dag. 

Mitt første møte med Bergen og universitet var her på Det humanistiske fakultet. Eg var 19 år, gjekk rett på eit årsstudium i historie, og blei slått i bakken av 3000 sider pensum og 08.15-forelesningar i eldre historie, tre gonger i veka. Før eg kom hit i dag gjorde eg litt research, og det ser ut til at desse førelesningane er flytta no? Gratulerer med det!

Verda går framover på fleire vis. Ein seremoni som dette fanst heller ikkje den gongen. Det var inga markering av fullført bachelorgrad, til trass for kor tidleg me hadde stått opp. Det er eg glad for at er endra. For sjølv om mange av dykk skal studere vidare, er det også mange som klarer seg godt med bachelorgrad. Og det er god grunn til å klappe seg sjølv på skuldera over det de har gjennomført.

Eg er ekstra glad for at akkurat de får samlast her i dag. De har hatt ei heilt spesiell studietid, diverre på ein negativ måte. Studietida skal vere fri. "Livets friminutt", brukar folk å seie, sjølv om det er provoserande å høyre midt i eksamenstida.

Men for dykk har tida som student diverre ikkje vore så fri. To år har vore prega av pandemi, digitale førelesningar, ingen arrangement og plasser å samlast, og mykje tid heime på eit rom i eit kollektiv. 

Det har vore tøft. Eg håpar de likevel har gode minne å sjå tilbake på, og at de grip sjansen til å feire litt ekstra no når de kan. For trass alt, så har de lukkast. 

De som sit i salen i dag, er alle høgrisikotakarar. De har valt humanistiske fag. 

Det var i alle fall det eg fekk høyre frå mange rundt meg då eg begynte på historie. Ofte frå vaksne: "Historie…," sa dei. "Så spennande." Det hadde dei også alltid hatt lyst til å studere, men så teinkte dei på dette med jobb og sånn…

Eg mistenker at også de har fått dei same kommentarane. "Kva skal du bruke det til?"

Veldig mykje, er svaret på det. 

De har lært å tenke kritisk. De har pløyd tusenvis av sider og teke til dykk informasjon. De kan språk. De kan skrive. Eg kan komme på ei heil mengde jobbar som de er høgt kvalifiserte til. 

Det me har med oss frå HF er eit solid grunnlag som set oss i stand til å ta på oss ei heil mengde ulike roller. 

Og eg trur og håpar at me ser det endå klarare no, enn for ti år sidan då eg studerte, at me i arbeidslivet i dag treng folk med ei brei forståing for samfunnet. Folk som kan setje ting inn i kontekst og som generelt har god allmennkunnskap. For mange av dei spesifikke arbeidsoppgåvene me skal utføre gjennom livet, skal me uansett lære oss undervegs. Det me har med oss frå HF er eit solid grunnlag som set oss i stand til å ta på oss ei heil mengde ulike roller. 

Og vår kunnskap blir aldri utdatert. Den er allereie hundrevis av år gammal.

Eg vil likevel ta eit lite oppgjer med den kategorien me humanistar ofte blir putta i: Som potet.

Me kan litt om alt, får me høyre. Dette er ofte sagt i beste meining, men det etterlet eit inntrykk av at me, som altmogeleg-menneske, er ei reserveløysing dersom dei ikkje får tak i nokon som kan mykje. Poteta er sjeldan stjerna. 

Det er ikkje sant. Eg måtte jobbe i mange år og komme til ein leiarposisjon, før eg innsåg at dei personane som var mest nyttige var nettopp dei som kunne ta på seg alt mogeleg. Og det er heile poenget: Me "poteter" er ikkje berre litt gode på mange ting. Me er dei beste på å vere allsidige. For det er ei eiga evne, som svært mange andre ikkje har. 

Så de skal gå ut herfrå svært rake i ryggen. De har nettopp gjort ei av dei beste investeringane de kunne gjort. For diverre er det slik at ein kan miste kjærasten, ein kan miste jobben, og ein kan miste både pengar og hus. Men utdanninga dykkar, den har de for alltid. Ingen kan ta den frå dykk.

Gratulerer med det, og til lukke med dagen og alt de skal vidare.